Fotturar i Aurland

Aurlandsdalen: Den fantastiske fotturen frå Aurdalen (Østerbø) til Vassbygdi er vel kjend.
Det går buss frå Gudvangen og Flåm til Østerbø, og den tek deg tilbake til Gudvangen/Flåm frå Vassbygdi.
Tid: 5 - 7 timar.
Meir om Aurlandsdalen
sinjagalden-a.jpg (20946 byte)
Flåmsdalen: Ta Flåmsbana til Myrdal eller ein av dei andre haldeplassane i den vakre og frodige Flåmsdalen. Deretter går du ned dalen langs den gamle anleggsvegen, Rallarvegen, ned til Flåm.
Tid: 4 - 5 timar frå Myrdal.
Meir om Flåmsdalen
rjoandefossen-b.jpg (19650 byte)
Prest: Vakker men krevjande tur til fjelltoppen Prest. Startpunkt er Bjørgo. Turen er i bratt lende og kan på somme parti verke litt skummel.
Oppe på Prest får du eit vakkert panoramautsyn over Aurlandsfjorden.
Tid: 3 timar tur/retur.

prestpan1-jpg.jpg (69343 byte)

Panorama frå Prest

prest-start.jpg (22450 byte)prest-skaar.jpg (32448 byte)prest-ut.jpg (75694 byte)prest.jpg (22424 byte)

Starten på Bjørgo - Skår mot Vangen - Utsikt ut fjorden - Utsikt mot Flåm

Styvi / postvegen: Den kongelege postvegen frå Styvi til Bleiklindi er ein del av det gamle postrutenettet mellom Oslo og Bergen.
Ta båt til Styvi og gå til Bleiklindi og tilbake (omlag fire kilometer kvar veg).
Tid: 1,5 - 2 timar.
Upsete: Ta tog frå flåm til Myrdal eller Upsete. Frå Upsete kan du gå til Grindaflethytta og vidare til Undredal (Langhuso), Flåm eller Stalheim.
Buss Voss-Stalheim-Langhuso-Flåm-Aurland.
Frå Langhuso kan du også gå til Undredal og ta båt derifrå.
Aurland Activ: Flotte aktivitetsturar av ulike slag