Kven var kong Sverre?

 

Kong Sverre si mor, Gunhild Sultan, og bror hennar, Nikolas Sultan, har båe eit talande tilnamn, Sultan, som peikar båe mot ein gard med namnet Sult. Det er ikkje vanskeleg å vita kva gard det er, for ættegarden Sult har djupe røter og peikar attende til Bunasætti på 800-talet.                    

Bunasætti delte seg i to. Bjørn Buna, sonen Kjetil og dotteri Aud den djuptenkte rømde landet i protest mot framstormande Harald Hårfagre og forlet då veidefeltet kring Blåskavlen på nordsida av den nedre Aurlandsdalen, ofte berre kalla Dalen.

Gardar som Kvam, Ty og Skjerdal, det me kallar Utbygdi, og garden Aurdal, i sentrum av bygdi, ligg i ein halvsirkel kring det store fjellmassivet, der Blåskavlen er høgste punktet, 1809 m o.h.

Det andre veidefeltet, Låvisdalen, med gardar som Låvi og Sult på sørsida av Dalen, var ogso eit stort veidefelt, men det vart overteke av Brynjulv Bjørnson. Han ville ikkje røma, for han var kongevenleg og heldt på ei gamal vennskapsline ut til kongsgarden Husabø på Syrstrand, der kongane Harald Gullskjegg, Halfdan Svarte og Harald Hårfagre rådde. Ein islandsk historikar seier at Harald må ha vakse opp på denne kongsgarden. Det er og slege fast at då Halfdan Svarte gjekk frå sin Huseby-gard i Uvdal i Numedal, for han beint over Hardangervidda til Aurland og vidare til Syrstrand. Landgardane, slike som Aurland, hadde plikt til å skaffa herfolk til Sognekongen.

Brynjulv sitt veidefelt er interessant ogso av den grunn at namn som Grimsete og gardar som Låvi, Tokvam og Sult fortel historie. Grim-namnet er gamalt i Bunasætti og har grodd fast nedst i Låvisdalen. Låvi er ein eldgamal gard. Slik er det òg med Sult, eit naturskildrande einstavingsnamn i ubundi form. Dette namnet har stor interesse i Sverre si ætt, for Gunhild Sultan og broren har båe dette tilnamnet Sultan. Dette må peika på garden Sult, den som i soga er nemnd som ein gamal ættegard. Dermed veit me at Sverre si morsætt må i kortare eller lengre tid ha vore knytt til denne garden.

Soga fortel at Gunhild sende guten Sverre til bisp Roe på Færøyane, der han fekk læra både teologi og historie. Då må Gunhild og ektemaken Unås ha budd i Noreg, mykje truleg på ættegarden Sult, som var ein stasjon på den eldgamle allfarvegen mellom Bergen og Oslo. Derifrå var det god kontakt med Bergen både sjøvegen og landevegen. Dei gamle rekna 2 – 3 dagsreiser når dei for gangstigen over Voss til Bergen.

Dette Sult vart med åri eit bygdesentrum og ein handelsplass, særleg på 1200-talet då steinkyrkja på Aurlandsvangen vart bygd. Namnet Sult lever enno. Me har det i stadnamn som Sultøyri, Sulthedlao og Sultadalen.

Då Sverre i 1177, saman med birkebeinarane, vingla i snøstorm, kom dei til slutt ned frå Soleifletene til fjellgarden Frondalen og vidare over Flåm til Aurland. Dermed var Sverre attende til sitt utgangspunkt, ættegarden Sult. Han ligg, som namnet seier, ved elv og sjø og tøyer seg 2 – 3 kilometer framover dalen (sjå Syn og Segn mars 1943).

Det finst ogso andre opplysningar om Sverre si morsætt. I 1197 heldt Sverre ein tale til hermenn og bønder der han m.a. sa at han stødde seg til ei stor og sterk ætt. Noko av den talen er bortkomen, og mange har undra seg at Sverre ikkje greidde nærare ut om den ætti. Det er i grunnen ikkje noko rart, for Sverre hadde både vener og fiendar innan den ætti. Det hadde vel vore vanskeleg å plukka ut kven som var ven eller fiende i den store flokken. Denne delingi i ætti går attende til hersane sin kamp mot ein rikskonge på 800-talet og held fram ogso i Sverre si tid. Her får me hjelp frå baglarsogene som fortel at då bisp Nikolas i 1208 prøvde å få slutt på borgarkrigen, lova han baglarkongen, Filippus Simonson, at han skulle få Kristin, dotter til kong Sverre, ”som var komen av den beste ætti i Noreg”.

Det er nok Gunhild, Sverre si morsætt, det her er tale om, og det fører oss attende til ættegarden Sult, som må ha vore eit viktig sentrum i høgmellomalderen. Namnet Sylte på Møre er òg inne i dette biletet. Det ser ut til at ættegranskarane somme gonger har vore i tvil om ein tala om Sult eller Sylte. Endå til ein so dugande ættegranskar som Anders Stølen, har eit par gonger vore i tvil om opplysningane gjekk på ættegarden Sult i Aurland eller Sylte på Møre. Me veit at Aurlandsætti hadde eit vidt vengjefang, ættegreiner til mange kantar ogso utanfor landegrensene, og Egil Aaskjelson frå Aurland var inngift i Arnmødlingane si velkjende ætt. For å få samanheng i ættetavlene, har ein brukt både Sunnmørsættelegga og andre kjelder.

Likevel har det vore vanskeleg å skilja greitt mellom desse to stadene. Det finst ein viss likskap i desse namni. Det kan ha verka forvirrande. Verre var det at den gamle ætti har gått under fleire namn som Sultætti, Sopætti, Aurlandsætti, eller som Magister Absalon skriv, ”de Sooper”.  Den gamle ætti hadde i alle høve ætteliner til mange kantar, m.a. til Giske, Forland, til Reinsætti ved Trondheim o.fl. stader. Ein annan vanske var dette at Sult vart overskygga av eit Unestad då storbonden Une eller Onn levde på Sult samtidig med  lendmannen Jon Pettersen på 1100-talet. Une og Jon var ikkje alltid godvener (”To store i en sekk kan ingenlunde rømmes”). Det kunne då sjå ut som at Sult reint kom bort når eit Unestad voks fram. Men slik var det ikkje. Sult levde vidare ved sida av eit Unestad, Onstad, og lever enno i 2 – 3 gamle stadnamn.

 

Aurland i februar 2005 – Anders J. Ohnstad