Naturvilkår og næringsvegar

Av Anders J. Ohnstad

 

            Kysten hadde mykje å by på. Sjøvegen var open til alle kantar. Fiskevær og handel skapte grunnlag for tettstader og byar. Det var ikkje på slump dette at byar som t.d. Bergen og Stavanger låg ved kysten. Båten er trass alt vår eldste farkost. Han batt saman byar, bygder og land. Kva kunne det då vera som lokka og drog folk langt inn i fjordane, like inn på grensa til fjell og vidder? Det havet var for kystfolket, det var jord, skog og fjell for innlandsfolket. Veidefolket levde i og av fjellet. Jakt, fiske, korndyrking og bufé skapte eit livsgrunnlag som har berga menneske i oppgangs- og nedgangstider.

Naturvilkår og næringsgrunnlag har alltid hatt ei dragande makt på folk som skulle livberga seg eller slå seg ned og setja føter under eige bu. Aurland har hatt fleire bein å stå på når det gjeld næringslivet. Her i bygdi laut ein utnytta dei naturgodi som fanst, endå om dei låg spreidde og hadde ulike arbeidsvilkår.

Det gamle næringslivet var eit haustingsbruk. Det å samla, hausta inn det som naturi baud fram, var det viktigaste. Denne bruksmåten kallar me ofte for eit naturalhushald. Dyrking, gjødsling og pløying har vakse sterkt fram i seinare tid, og dermed er kunsteng i dag langt viktigare enn natureng. Haustingsbruket er på det næraste ute, men dyrking og foredling gjer seg sterkt gjeldande både i jordbruk og hagebruk.

Den eldste næringsvegen her i bygdi var veiding over fjell og dalar, ein næringsveg som har vore liv laga gjennom fleire tusen år. Reinsjakt i vår tid er i grunnen rester av den gamle hovudnæringi. Men for eit par tusen år sidan tok veidefolket til å dra seg nedover frå høgfjell og vidder, ned i dalar og flatbygder, der elvane var fulle av laks og aure.

Jakt og fiske høyrer saman. Men nede i bygdene var det mogeleg å dyrka  korn og ala bufé. Dermed er den ambulerande veidemannen på veg til å verta ein fastbuande, og ordet buandi vart til bonde. Sette han so eit gjerde kring sin vesle eigedom, vart det som var innafor gjerdet ein gard. Den ambulerande veidemannen fann nok snart ut at korndyrking og bufé var like interessant og verdfullt som veiding  over alle fjell. Fjellviddene låg der og kunne brukast som beite for husdyri.

Ein kombinasjon av gardsbruk og stølsdrift vart med tidi ein av våre viktigaste næringsvegar og har vore liv laga i mange hundre år. Jakt og fiske er framleis levande, men er i vår tid helst ei attåtnæring eller ein sport. Tidene skifter. Næringslivet er ikkje statisk, men dynamisk, og i vår tid går omskifti veldig fort.

I tillegg til dei mange skiftande næringsvegane ned gjennom tidene har Aurland hatt ei særstode. Aurland låg nær Vestlandet sin hovudstad Bergen. Her var samband både sjøvegen og over land, for Aurland låg på den eldgamle gangstigen og kløvjavegen mellom Bjørgvin og Oslo. Dette skapte vilkår både for handel og ferdsle. Ferdsla gjekk både austover og vestover. Driftetrafikken var eit særmerkt drag i fleire hundre år, ei grein av bondeyrket.

Det er ikkje berre mellomalderkyrkja på Aurlandsvangen, den sokalla Sognedomen, som vitnar om gamal stordom. Aurland sitt allsidige næringsliv har vore ei dragande makt som har skapt både handel og samferdsle gjennom lange tider. Me har minne frå steinalder, bronsealder, jernalder og mellomalder før me nådde nyare tid. Det finst eit arkiv i stein og jord frå fjøra til fjells. Me går på gamle kulturlag. Me vart ikkje fødde i går, me er born av tusentals år der kulturlag på kulturlag fortel ei interessant og spanande soge. Rett nok er denne soga merkt både av sveitte og blod, men ho er ogso ei lysande soge der livsmot og arbeidsglede har vore sjølve drivkrafti i vårt næringsliv.

På dette grunnlaget er det von om at ogso vår tid vil finna framgangsvegar som er til det beste både for folk og land. Naud lærer naki kjerring å spinna. Slik har det vore i framfarne tider. Me kan atter ein gong verta tvinga til å læra av våre feilsteg og dermed finna inn  på nye og gode vegar både i næringsliv og kulturarbeid.

 

Kva har me oppnådd?

 

Skulle me med få ord seia litt om kva me har oppnådd med å granska Aurlandssoga i mellomalderen, måtte det først og fremst verta ei tolking av namnet Sultan. Etter mi meining  fortel dette tilnamnet at Gunhild og broren, Nikolas, og dermed kong Sverre sjølv høyrde heime på den gamle ættegarden Sult i Aurland. Dermed løyser me eit av dei store problemi i Sverre-soga, nemleg kva ætt Sverre kom frå på morssida.

Då Sverre og birkebeinarane i 1177 var ille ute på si dramatiske fjellferd, for dei framom ættegarden Sult både på bortturen og hitturen. Bisp Nikolas sine ord om ”den beste ætti i Noreg” peikar ogso på Gunhild Sultan si ætt. Dermed vert me ståande med den gamle garden Sult som eit viktig sentrum i høgmellomalderen.

Vidare har me venskaps- og familieband over til Orknøyane. Jon Stål, Sverre sin ven og truleg frende, var soneson til Jon Pettersen og Ingrid Kollsdotter. Der går linene inn i den gamle Sult-ætti.

Det fanst ogso kongeleg blod innan ætti for den danske prinsessa Ingrid Sveinsdotter. Dotter til kong Svein Estridson og Rannveig Torsdotter av Aurlandsætti, gifte seg med kong Olav Kyrre. Då han døydde i 1093, gifte ho seg med Svein Brunjulvson og kom soleis atter inn i Aurlandsætti. Derifrå er det berre 4-5 ættled attende til Brynjulv Bjørnson som eg har rekna som Aurlandsætti sin stamfar.

Den gamle ætti det her er tale om, har gått under fleire namn, slike som Sultætti, Soopætti og Aurlandsætti, og Absalon Pedersøn Beyer brukar uttrykket ”de sooper”.

Eg har ikkje drøfta Sverre si farsætt, men berre godteke at Gunhild Sultan tala sant då ho hevda at kong Sigurd Munn var Sverre sin far. Dermed har me fått greie på Sverre si morsætt og kven kong Sverre var.

 

            Aurland i januar 2005 – Anders J. Ohnstad