NÆRØYFJORDEN

Verdsarvfjorden Nærøyfjorden (World Heritage Fjord) i bilder. Eit bildegalleri frå ein av verdens vakraste fjordar.
Klikk på bileta for å gjere dei større!
Grendene
langs fjorden heiter Nærøy sokn. Til dette soknet høyrer såleis Gudvangen,
Bakka, Styvi og Dyrdal. Ei tid høyrde Nærøy til Undredal sokn, men fekk eiga
kyrkje i 1859.
Denne
trange og frodige fjordarmen (250 meter på det smalaste) har vore eit
attraktivt reisemål i nærmare 150 år for folk frå verda over, og er ein av
Noregs mest besøkte attraksjonar.
Lengst
borte utanfor Dyrdal ser vi Sagfossen (Legdelvi). Ei stykke nedanfor stølen
Legdene stod det tidlegare eit sagbruk. Difor namnet Sagfossen.
Det
er registrert om lag 50 fugleartar og 20 artar av pattedyr ved fjorden. Gjennom
fleire tiår bakover har det vore mykje kobbe (sel) her. I 1990-åra kan det
vera ei stamme på over eit hundre dyr.
Frå Styvi og inn forbi Bakka er fjorden smal og grunn. Her kan det lett bli islagt i kalde og rolege vintrar.