TRUDVANG KINO
Program
våren 2008
 SENSURFØRESKRIFTER

Denne sida er alltid oppdatert med eventuelle endringar i programmet !

ME MINNER OM AT KINOKIOSKEN OPNAR ½ TIME FØR FØRESTILLING.

HER FÅR DU KJØPT BRUS, POPKORN OG SJOKOLADE!  
BILLETTSAL I KIOSKEN

Billettprisar på Trudvang kino: Vaksne kr. 70,- og barn kr. 50,- (gjeld opp til 18 år!!!)

 

  ALVIN  OG  GJENGEN


Ekornet Alvin og venene hans bur i eit tre. Ein dag blir heimen deira hogd ned med alle inni. Treet skal brukast som juletre i lobbyen til Jet Records, og dei må kome seg ut. Dei hoppar, og landar i muffinskorga til den mislukka låtskrivaren Dave. Vel heime hjå Dave går ekorna amok, og han må til slutt kaste dei ut. Men så oppdagar han at dei kan synge!.Dave skriv ein song for ekorna, og den blir ein kjempesuksess over natta. Alt ser lyst ut for Alvin og gjengen, men så dukkar den sleske plateprodusenten Ian opp.  

Regi: Tim Hill. Roller: Jason Lee, David Cross, Cameron Richardson, Jane Lynch

 

Dato:  Måndag 24. mars (2. påskedag)
Tid:  18:00
Speletid:  Filmen sluttar kl. 19:37
Sensur:  Alle (barn / familie)
Genre:  Animasjon
Språk:  Norske stemmer
Bill:  Kr. 50 / 70

 

  LØNSJ


Aksel Hennie, Pia Tjelta og Ane Dahl Torp utgjer stjernelaget i LØNSJ - eit lekkert svart drama med ein stor dose humor.
Christer er ein mislukka gut frå vestkanten. Han er blakk, deppa og får aldri til nokon ting. Leni lever innestengt med sin rare far og drøymer om eit sommarbad. Ho har ikkje vore ute av stovedøra sidan ho var lita. Nydelege Heidi har stor leilegheit på Frogner, klesskapet fullt av designarklede og tilsynelatande eit perfekt liv. Så skit ei måke på Christer, og med eitt opnar moglegheitene seg: jordomsegling, eit anna liv, ein tur på stranda. Det er ein god dag for å byrje eit nytt liv.
Regi: Eva Sørhaug. Skodespelarar: Aksel Hennie, Pia Tjelta, Ane Dahl Torp, Bjørn Floberg, Nicolai Cleve Broch, Ingar Helge Gimle, Kyrre Sydness, Anneke von der Lippe, Jan Gunnar Røise, Birgitte V. Svendsen

Terningkast 5  i Dagbladet

 

Dato:  Laurdag 29. mars
Tid:  16:00
Speletid:  Filmen sluttar kl. 17:30
Sensur:  15 år (ungdom / vaksen)
Genre:  Drama, Norge 2007
Språk:  Norsk
Bill:  Kr. 70

 

  KAUTOKAINOOPPRØRET


Moderne tider er i ferd med å innta den avsides kjøpstaden Kautokeino, som blir styrd av den rike handelsmannen Carl Johan Ruth. Ei av de samiske gruppene (siidaene), leia av den unge kvinna Elen, nektar å betale ei urettferdig gjeld til Ruth. Utan rettsak får Ruth fengsla dei fleste i Elen si siida, og ho blir åleine om å ta vare på reinsdyra. Elen får hjelp til å få i stand ei rettsak som bidreg til å få fri dei fleste mennene. Men Ruth tek beslag i siidaen sine reinsdyr for å dekke kostnadane til rettsaka. Utan livsgrunnlag har ikkje Elen og siidaen noko anna val enn å gå imot Ruth sitt krav. 8. november 1852 skal bli ein mørk merkedag for samar i Norge. Forsøket på revolusjon mot det norske storsamfunnet endar i tragedie.

Regi: Nils Gaup. Roller: Mikkel Gaup, Mikael Persbrandt, Sverre Porsanger, Anni-Kristiina Juuso

 

Dato:  Søndag 30. mars
Tid:  19:00
Speletid:  Filmen sluttar kl. 20:36
Sensur:  11 år
Genre:  Drama
Språk:  Samisk / norsk
Bill:  Kr. 70