Vangen Kyrkje 800 år
>   Jubileumsprogram-plakat, klikk her   <
>  Jubileumsspelet, klikk her 
<
>  Jubileumsplakaten, klikk her  <
>  Kongebesøket, klikk her  <

Gudstenesteliste

Vangen kyrkje 800 år
    Sognedomen: Eit imponerande byggverk. Ein historisk gåte. Ein turistattraksjon. Eit hus for kyrkjelyden. Eit ualminneleg vakkert rom å samlast i til gudsteneste, vigsel, gravferd, konsert. Ein stad for å kjenna, oppleva, praktisera og verta engasjert av den kristne trua. Ei kyrkje som vert feira grundig i jubileumsåret! Kyrkja og jubileet kan du finna ut meir om på denne nettsida.

Ei nett-vandring
    Vil du gå på oppdagingsferd i Vangen kyrkje? Peik på døra på biletet under, og så tek turen til! Før du veit ordet av det, står du inne i kyrkja og kan sjå både framover og bakover. Så er det berre å klikka vidare. Vil du t.d. sjå nærare på glasmåleria på austveggen? Då set du peikaren der og klikkar. Du ser no eit bilete av koret, og klikkar vidare, t.d. på glasmåleriet til venstre. Då kjem dei tre første bileta frå forteljinga om den bortkomne sonen fram. Vil du sjå nærare på kvart av bileta? Berre klikk i veg! Og heile tida kan du koma deg attende til utgangsbiletet ved å klikka på ”Tilbake”-knappen øvst til venstre på skjermen. God tur!