AURLAND

 

AURLAND SV SITT VALPROGRAM FOR 1999 - 2003

 

BORN OG UNGE FØRST

Born og unge er SV sitt hovudsatsingsområde. Investeringstiltak som gjeld denne gruppa vil SV prioritera høgt, sameleis tiltak på driftssida. Samstundes må dei unge vera med og ta ansvar for sine eigne omgjevnader, og trekkjast aktivt inn i avgjerdsprosessane. SV vil arbeida for at ungdomen får positive haldningar til sin eigen kommune.

NEI TIL PRIVATISERING

SV går mot privatisering av kommunale tenester.

LANGSIKTIG FORVALTING AV VERDIAR

SV vil arbeida mot langsiktige politiske mål. Me ynskjer ikkje perspektivlause hastevedtak. Miljøomsyn må koma framfor økonomisk vinst på kort sikt.

HELSE- OG SOSIAL

        Heimebaserte tenester må framleis vera fundamentet i eldreomsorga.

        Psykiatritenestene må styrkast, i samsvar med psykiatriplanen.

        SV vil framleis føra ei restriktiv linje når det gjeld sals- og skjenkeløyve for alkohol.

KULTUR OG IDRETT

SV vil følgja opp vedtaket om at ungdomsklubben skal få nye og tenlege lokale. Ungdomen må trekkjast aktivt med i alle trinn av prosessen, frå planlegging til ferdigstilling.

Bygging av fleirbrukshall på ballbana bak AIS må utgreiast. Dette må sjåast i samband med skulen sin trong for areal. Den framtidige bruken av AIS må og vurderast i denne samanhengen.

Vedtaket om å flytta biblioteket til heradshuset må realiserast tidleg i perioden.

SKULE OG BARNEHAGE

SV vil byggja vidare på “Levande skule”, som fleire av skulane er i gang med.

          Uteområda må i større grad nyttast som lærestad.

SV vil retta sterkare merksemd mot inneklima og ventilasjon.

Barnehagesatsane må frysast på dagens nivå, etter den sterke auken som nyleg er vedteken.

Syskenmoderasjon for dei som har born både i barnehage og i SFO må innførast på nytt.

SV vil halda oppe eit godt musikkskuletilbod, m.a. ved å arbeida for at musikkskulen får tenlege lokale. Musikkskulen bør utviklast til å bli ein kulturskule.

NÆRING OG SYSSELSETJING

Tunnellopninga vil gjera Aurland til ein del av ein større arbeidsmarknad.

Samarbeidet med nabokommunane i tiltaksarbeidet må difor styrkast.

Dei unge i dag tek høgare utdanning i større grad enn tidlegare. I tiltaksarbeidet må ein ha dette for auge, med sikte på å få ein mest mogleg variert arbeidsmarknad i bygda.

SV vil støtta småbedrifter i etableringsfasen. Slike bedrifter kan ofte utvikla seg til noko meir.

SV meiner at kommunen må stilla krav om ENØK-tiltak i næringsbygg som kommunen er med og finansierer.

SV vil arbeida for at arbeidsplassane i landbruket vert trygga.

Ei omfattande anorthosittutvinning i Gudvangen må berre kunna godtakast etter strenge miljøvurderingar. I ei slik sak må miljøomsyn vega tyngst.

UTBYGGING, BUSTADPOLITIKK OG SAMFERDSLE

SV meiner at det i denne perioden er trong for å prioritera kommunale utbyggingstiltak innan skule, helse og kultur.

For å få teke i bruk fleire hus som heilårsbustader, vil SV gå inn for:

            - framleis streng handheving av 0-konsesjon

            - like store kommunale avgifter for “feriehus” i tettbygde område (område som er omfatta av reglane om 0-konsesjon)
                som for heilårsbustader

            - positive verkemiddel, som tilskot til vøling av hus som skal leigast ut, bør innførast att, og informerast om til bygdefolket.

SV vil framleis gå inn for spreidd bustadbygging. Det er samstundes viktig å få bygt ut nye bustadfelt i hovudsoknet. Jordvernet må likevel stå sentralt her, som i all annan kommunal arealplanlegging.

Det må leggjast til rette for busetjing av flyktningfamiliar i kommunen.

SV vil prioritera utbygging av gang- og sykkelvegar..

Båtsambandet på Nærøyfjorden må sikrast.

MILJØ

SV ynskjer å sikra attverande urørde strender nær tettbygde område. Strandsoneplanen må difor opp til handsaming i kommunestyret i komande periode.

Den gode trenden innan avfallshandteringa må følgjast opp. Problem i omleggingsfasen på einskilde område må kommunen rydda opp i.

SV går inn for at miljøstasjonen vert lagt sentralt i kommunen, gjerne der han ligg i dag. Ein arkitektkonkurranse må danna grunnlaget for utforminga av plassen.

I tettstadutfominga må det takast estetiske omsyn i mykje sterkare grad enn det har vore gjort til no. Nærmiljøet må verta trivelegare og grønare. Arbeidet er ikkje ferdig før trea er planta!

ØKONOMI OG LOKAL FORVALTING

SV vil gå mot ei samanslåing av Aurland med nokon av nabokommunane. Ei samanslåing vil svekka det lokale folkestyret,
med auka avstand til dei som styrer.

SV går inn for fellesløysingar med nabokommunane innan område som t.d. legevakt, brannsyn og tiltaksarbeid. Aurland bør ha ei offensiv haldning på område der kommunen har kompetanse.

SV er sterkt kritisk til privatisering av kommunale tenester, men er opne for å drøfta nye løysingar for å få utført tenestene på best mogleg måte.

Kommunen står framfor viktige investeringar. SV ser ikkje vekk frå at nokre av desse må delfinansierast gjennom låneopptak.

SV ynskjer ei opnare lokalforvalting, m.a. ein budsjettprosess som er så open som råd. Informasjon om kommunale prosessar og vedtak må ut til innbuarane i kommunen. Alle saksdokument og møtebøker frå kommunale organ må leggjast ut på kommunen sine internettsider.

 

AURLAND SV SER ATTENDE PÅ DEN SISTE KOMMUNESTYREPERIODEN

- saker der SV er nøgde med utfallet:

Samlokaliseringa av helse- og sosialtenestene i Fjordsenteret er gjennomførd.

Flytting av biblioteket til Heradshuset er vedteken.

Etableringa av Aurland naturverkstad kan koma til å gje positive ringverknader for landbruks- og naturbaserte næringar.

Omlegginga av avfallshandteringa i ein meir miljøvenleg retning er i gang.

Erdalsvassdraget er berga i denne omgangen, m.a. som eit resultat av lokalt engasjement.

 

- saker der SV er mindre nøgde med stoda:

Å få på plass ei løysing for ungdomens hus har teke altfor lang tid.

Auken i talet på skjenkeløyve er ikkje i tråd med den alkoholpolitiske tiltaksplanen.

          Det har vore små (eller ingen) reaksjonar på brot på vilkåra for sals- og skjenkeløyve.

Det har vore ein kraftig auke i satsane for plass i barnehage og skulefritidsordning.

Plasseringa av miljøstasjonen er enno ikkje vedteken, etter mange år att og fram i den kommunale kverna.

Det står att mykje arbeid for å gjera tettstadene våre til trivelegare og grønare stader å vera på. Fine planar vert i liten grad omsette til praksis.

tilbake