Fire nye år

Det er viktig at Regjeringa får fornya tillit ved valet neste haust. Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak som er svært viktige for at distrikta skal overleva. Dette gjeld mellom anna avvikling av investeringsavgifta og lette i bedriftsbeskatninga.  Den stramme økonomiske politikken har og betra konkurransevna til næringslivet.  Å vidareføra denne politikken er særleg viktig for distrikta som  i utgangspunktet har store kostnader og slit med å vera konkurransedyktige.

Det er positivt at Regjeringa har kombinert skattelette med auka satsing på velferd. Auka verdiskaping er den beste garantien for at gode velferdstilbod vert oppretthaldne og vidareutvikla.

Distrikta treng og positive tiltak som utbygging av infrastruktur og samferdsle og satsing på reiseliv og forknings- og utviklingsprosjekt. Regjeringa har lagt eit solid økonomisk fundament for ei slik satsing dei komande fire åra.

Fråsegn frå årsmøtet i Aurland Høgre 30/11 2004

Tilbake til HØGRE si hovudside