Utbygging  Aurland Barne og Ungdomsskule (ABU)

Høgre prioriterer utbygging på ABU. Høgre har samtidig  gått inn for å få fleire alternativ på bordet. Det vert opna for både nybygg og ombygging samtidig. Høgre har og sett det som uheldig å pressa biblioteket inn på ABU før saka er grundigare vurdert.
Høgre fekk ikkje tilslutnad til sine forslag.

Innlegg i kommunestyret i juni ved Noralv Distad:

Det er svært gledeleg at me no er komne så langt at det kan hentast inn tilbod på utbygging ved ABU.
For Høgre er dette eit topp prioritert investeringsprosjekt. Det er viktig at det vert gjeve klarsignal for bygging i dag slik at me held framdriftsplanen. Det er likevel grunnlag for fleire merknader til planarbeidet så langt.

I økonomiplanen er det ei ramme for investeringar på skulesektoren på 34 millionar kroner. Dette er ei stor satsing. Det inneber samtidig ei framtidig sterk belastning på driftsbudsjetta. Me veit at driftsutgiftene i kommunen totalt sett er for høge. Auka driftsutgifter fører såleis til ytterlegare krav om innsparingar andre stader. Dersom som me også investerer utover ramma, vert presset på effektivisering av drifta endå sterkare.

For Høgre er det svært viktig at me på skulesektoren ikkje berre tenkjer bygg - me må og ha råd til å gje skulen eit best mogleg fagleg innhald i åra framover - i  form av nok undervisningstimar og tilfredsstillande skulemateriell. Det er difor svært viktig at me no ikkje låser oss 100 % til ei  bestemt løysing med dei økonomiske konsekvensar det har.

Me bør no henta inn tilbod som gjer at kommunestyret i neste omgang får pris på:

1.   Nybygg som tilrådd frå plangruppa med plass til folkebibliotek

2.   Nybygg med redusert areal - men der areal til undervisning ikkje er redusert

3.   Ombygging eksisterande bygg slik at me evt. kan dra økonomisk fordel av eit samla byggjeprosjekt.

Ved å leggja opp til totalentreprise kan me få desse tilboda på bordet slik at me held framdriftsplanen.

Ombygging av ABU er teken ut av saka til kommunestyret. Høgre ville at saka skulle vera med, men fekk ikkje tilslutnad til dette. Pris på ombygging er høg - slik det er presentert i forprosjektet. Me er fullt ut samd i at kostnaden bør reduserast. Men me er ikkje samd med fleirtalet i formannskapet som i realiteten vil ha dette prosjektet utsett. Høgre vil ha fram eit tilbod no,  der det vert understreka at ein skal leggja ramma i økonomiplanen til grunn. Det må vera dårleg økonomi å ikkje samordna byggjeprosjekta.

Ei sak som har kome inn på tampen er flytting av folkebiblioteket til ABU. At det er plass til dette gjev i seg sjølv ein indikasjon på at det er lagt opp til eit romsleg romprogram. Samtidig vert det  i realiteten opna for å forsera fram eit investeringsprosjekt som ikkje er inne i økonomiplanen. Dette kan ikkje finansierast av reduserte leigeutgifter for noverande lokale i Skofabrikken. I eit slik reknestykke må ein og ta med avdrag ikkje berre renteutgifter slik det er gjort i saksframstillinga. Det er difor nødvendig at me, før tilboda kjem på bordet, får eit utgreiing om folkebiblioteket i to alternativ:

1.   Lokalisert i Skofabrikken som no - dette  bør vera eit  aktuelt alternativ fordi det har ei sentralt plassering - og vil vera ei rimeleg løysing.

2.   Flytting til Nybygg ABU - samlokalisert med skulebibliotek og kunnskapssenter.

Høgre sitt framlegg er såleis eit framlegg som sikrar framdrifta samtidig som me i neste omgang kan ta stilling til fleire alternative løysingar og prisar.

Tilbake til HØGRE si hovudside