Årsmelding 2000

Styret: Noralv Distad leiar, Johannes Dalsbotten nestleiar, Monica Finden kvinnepolitisk ansvarleg, Åsmund Ohnstad sekretær, Milly Loftesnes kasserar, Nils Tore Skahjem, Steinar Wangen

Varamedlemer: Inger Grindheim, Alv Loven, Jannett Aksnes, Kristin Sønnerheim

Årsmøtet 2000 var på Elvekroa den 25. april. Årsmøtet vedtok fråsegn om bustadfelt.

Arbeidet i 2000 har i stor grad vore knytt til lokalpolitikk. Det har vore styre-/medlemsmøte før alle kommunestyremøte.

Høgre er elles representert i alle viktige utval og styre.

Laget har teke opp fleire saker i lokalavisene: bustadfelt, effektivisering av kommunen, endring av næringspolitikken, utvinning av anorthositt og reguleringsplan for Aurlandsvangen. Elles er saker tekne opp direkte i utval, formannskap og kommunestyre.

Leiaren har representert laget på fylkesårsmøtet og nominasjonsmøtet.

Sverre Hoddevik er sett opp att på 1. plass på Stortingslista og har full støtte frå Aurland Høgre. Hoddevik har teke opp viktige saker som større lokal råderett over ressursane og forenkling av offentleg sektor med avvikling av fylkeskommunen.

Laget har hatt kontakt med stortingsgruppa om kraftsaker, og vinterbrøyting av Rv 50 der leiaren i Samferdslekomiteen Oddvar Nilsen har gjeve oss støtte.

Utfordringar i tida framover:

Aurland, 12. mars 2001

Styret i Aurland Høgre

Tilbake til HØGRE si hovudside