ÅRSMELDING   AURLAND HØGRE   2001

 

 

Styre: Noralv Distad leiar, Johannes Dalsbotten nestleiar, Monica Finden kvinnepolitisk ansvarleg, Åsmund Ohnstad sekretær, Milly Loftesnes kasserar, Nils Tore Skahjem,  Steinar Wangen

Varamedlemer: Inger Grindheim, Alv Loven,  Jannett Aksnes, Kristin Sønnerheim

 

Årsmøtet 2001 var på Elvekroa den 27. mars.  Årsmøtet vedtok fråsegn om at lågare skattar og avgifter er god distriktspolitikk.

 

Arbeidet i 2001 har  vore knytt til Stortingsval og lokalpolitikk.

 

Det har vore styre-/medlemsmøte før alle kommunestyremøte.

Kommunestyregruppa har laga eiga melding om sitt arbeid.

 

Laget har teke opp fleire saker i lokalavisene: Rv 50,  Sogn Jord- og hagebruksskule,  anorthositt  og behovet for ny personalpolitikk  i kommunen.

Aurland Høgre hadde fleire innlegg i lokalpressa før valet, m.a. om skattepolitikk og støtte til ei ny regjering.  Innlegga låg og ut på Sogn og Fjordane Høgre sine internettsider.

Aurland Høgre har hatt annonsar i Aurlendingen – m.a. for å gjera kjent internettsidene.

 

Stortingskandidat Svere Hoddevik gjesta laget i august og stod på stand på Aurlandsvangen.

Aurland Høgre hadde stand også siste laurdagen før valet.

 

På fylkesårsmøtet i Balestrand møtte Monica Finden, Åsmund Ohnstad og Noralv Distad.

Noralv Distad har møtt på valkampsamling i Sogndal og ettervalskonferanse i Florø.

 

Stortingsvalet

Høgre fekk god framgang ved Stortingsvalet og det lukkast å få etablert ei ny Regjering med eit fleirtal av Høgrestatsrådar. 

 

Valresultatet for Høgre i Aurland var svært bra: 17, 5 %.  Av 26 kommunar i Sogn og Fjordane var det berre Solund, Flora, Selje og Vågsøy som hadde eit betre resultat. Framgangen i Aurland var på 6,4 %. Kun ein kommune, Flora,  hadde større prosentvis auke.

 

Utfordringar

Aurland Høgre må arbeida vidare for å få gjennomslag for vår politikk i kommunestyret og i andre  kommunale organ.  Dette arbeidet skal gje større oppslutnad til Høgre ved kommunevalet i 2003. 

 

Høgre må heila tida visa at me driv ein ansvarleg politikk til beste for Aurlandsbygdene.  Høgre skal  arbeida for  eit best mogleg tenestetilbod til innbyggjarane og for at det vert vekst i næringslivet. Samtidig må kommunen verta meir effektiv og  løysa fleire oppgåver til ein rimelegare pris utan at kvaliteten vert redusert.

 

Høgre har sagt klart frå om at Aurland framleis skal vera eigen kommune.  Me har eit inntektsnivå som gjer dette mogleg.  Utfordringa ligg i å  styra kostnadene slik at me får eit sunt og robust økonomisk grunnlag for å vidareutvikla kommunen til beste for innbyggjarane.

 

 

 

Aurland, 11. mars  2002

 

 

Styret i Aurland Høgre

 

 

 www.aurland.com  politikk Høgre