ÅRSMELDING 2003

AURLAND HØGRE 

Styret: Monica Finden (leiar), Johannes Dalsbotten (nestleiar), Elin B. Midje (kvinnepol. ansv.), Åsmund Ohnstad (sekretær), Ruth Sylvi Løland (kasserar), Nils Tore Skahjem, Noralv Distad og Alv Loven.

Årsmøtet for 2002 var på Elvekroa 11. februar 2003. Årsmøtet vedtok fråsegn om at det er uheldig at kommunen sit som passiv eigar/brukar av areal som kan nyttast til næringsføremål. Fråsegna vart overlevert kommuneadministrasjonen. 

På fylkesårsmøtet på Skei i Jølster møtte Noralv Distad, Åsmund Ohnstad, Nils Tore Skahjem og Bente Steine. Kristin Sønnerheim var æresgjest der.

Arbeidet i 2003 har vore konsentrert om kommunevalet og lokalpolitikken.

Høgre fekk godt resultat i kommunevalet med ein oppslutning på 22,5 %. Dette var ein framgang på 3 %, og me auka frå 4 til 5 repr. i kommunestyret. Det var berre 2 kommunar i Sogn og Fjordane (Solund og Hornindal) som hadde større oppslutning i Høgre enn Aurland, og det var berre ein annan kommune (Balestrand +3,5%) som hadde framgang. Alle andre kommunar hadde tilbakegang med inntil 18,8 % (Solund), så me har all grunn til å vere nøgde med resultatet her.  Før valet hadde me stands både i Aurland, Flåm, Undredal og Gudvangen, og me hadde fleire innlegg i lokalpressa. Godt jobba folkens!!

Aurland Høgre har hatt styre-/medlemsmøte før alle kommunestyremøta. Gruppeleiar for kommunestyregruppa har vore Noralv Distad. Rapport frå kommunestyregruppa vert lagt fram som eiga melding.

Ei sak som har vore mykje framme i media dette året er Høgre sitt standpunkt når det gjeld talet på stillingar i kommunen, og då spesielt administrative stillingar. Me meiner at lønsutgiftene må reduserast for å få ein sunnare kommuneøkonomi, og me meiner at det skal vere mogleg å få dette til ved å drive meir effektivt utan at det skal gå utover kvaliteten på tenestetilbodet til innbyggjarane. Mange meiner at me tek for hardt i, men mange er óg samde med oss. 

Elles har me hatt fleire saker i lokalavisene, bl.a. kommunal økonomi, behov for omstilling, avvikling av felles innkjøpsordning, konkurranseutsetjing, meir att for pengane, behov for å satse meir på næringsutvikling og vekst i privat sektor.

Aurland Høgre har hatt annonsar i Aurlendingen mellom anna for å gjere internettsida vår kjent.

Utfordringar:

Me vil jobbe vidare for å få gjennomslag for vår politikk i kommunestyret og andre kommunale organ. Så mange som mogleg av sakene i vårt valprogram skal me prøve å ta opp og sjølvsagt få gjennomslag for. 

Me må freista å få fleire av ungdommane våre heim etter endt utdanning. Høgre har teke initiativet til å etablere ein fast kontakt med ungdommane for å få kartleggje kva dei ynskjer for at det skal vere interessant å kome heim, og å informere om kva kommunen har å by på av ledige næringslokale, støtteordningar til  etabl. av arbeidsplassar og kva kommunen elles har av opplevingar, næringsliv, jobbar med meir.

Høgre må heile tida vise at me driv ein ansvarleg politikk til beste for Aurlandsbygdene. Me vil framleis jobbe for eit best mogleg tenestetilbod for innbyggjarane, og næringslivet må få gode vilkår slik at det kan verte auke i arbeidsplassar i private næringar.

Framover ynskjer me at alle våre medlemmar deltek aktivt i utforming av politikken. Me ynskjer kommentarar til saker som er under handsaming, framlegg til nye saker og innspel elles. Dette kan sendast pr. post eller pr. mail til ein av oss i styret.

 

Aurland 03. desember 2003

 

Styret i Aurland Høgre

 

www.aurland.com politikk Høgre