2001      -    Årsrapport frå  Høgre si kommunestyregruppe 

Saker Høgre har prioritert: 

I 2001 har det vore byggjestart på ny sjukeheim. Høgre har lagt stor vekt på at prosjektet skal realiserast effektivt til beste for brukarane. Det er viktig at kommunen snarast arbeider ut ein samla strategi for omsorg med heimetenester og rehabilitering i den eksisterande alders- og sjukeheimen. 

Planarbeidet for nye skulebygg har kome i gang. Høgre har arbeidd for at ABU får nybygg og at eksisterande bygg vert ombygt.

Personalarbeidet må få høgare prioritet. Høgre har etterlyst dette i fleire samanhengar.

Aurland  kommune har eit godt inntektsgrunnlag. Kommunen må snarast tilpassa drifta til inntektene.

Det er nødvendig med stillingsstogg og andre effektiviseringstiltak. 

Kommuneplanarbeidet må verta  meir effektivt og profesjonelt slik at utviklingstiltak ikkje vert forsinka.


Saker der Høgre sine standpunkt har vunne fram :

·         Tiltak for å betra den kommunale økonomien: Stillingsstogg, serviceerklæringar og krav til effektiv drift.

·         Bustadfelt i Smiebakken, utviding av Ryggfeltet og  utbygging av Ystebøen. 

·         Reguleringsplan Flåm – sikring av nok parkerings- og trafikkareal for Fretheim Hotell og Flåmsbana

·         Gjennomgang av konsulentarbeid  i  helse- og sosialsektoren med tanke på muleg refusjon for manglar.

·         Aksjar skal seljast til den verdi dei har på salstidspunktet.

·         Avvikla mellombels stilling som leiar av administrasjonsavdelinga – når  konstituert rådmann er på plass.

·         Planarbeid ved eksterne konsulentar skal vera finansiert før arbeidet tek til – og skal lysast ut på tilbod.

·         Konsesjonsavgiftsfondet skal få ei sterkare, sjølvstendig stilling med eige styre og rekneskap.

·         Tilskot til næringsutvikling og spreidd bustadbygging vart ikkje avvikla


Saker der Høgre ikkje har vunne fram:

SIMAS – Høgre har  som einaste parti  røysta for at renovasjon skal lysast ut på tilbod i ein 5 – års periode. Føremålet er  å sikra det rimelegaste og best moglege  tilbodet for innbyggjarane.  Høgre røysta saman med SV og Venstre for at våtorganisk avfall framleis skal kunna handsamast i Aurland. Senterpartiet og Arbeiderpartiet fekk fleirtal for at dette skal flyttast ut or kommunen til SIMAS sine anlegg.

Høgre har  heile tida røysta for at ABU skal ha prioritet for investeringar på skulesektoren.  Høgre har gått imot å vedta at nybygg ve Flåm skule skal koma før ombygging av ABU. Høgre fekk støtte frå to i Ap.

Høgre har saman med Ap, SV og  V sendt brev til ordføraren om å prioritera personalarbeidet. Dette har ikkje skjedd  i særleg omgang og den lenge varsla personalpolitiske handlingsplanen er ikkje lagd fram.

Høgre var åleine om å røysta for at engasjement  som byggjeleiar  ikkje skulle forlengast og at byggjeleing skal lysast ut på tilbod.

Høgre har  som einaste parti røysta for at kommunestyret ikkje skulle gjera om vedtaket i Bygningsrådet om å riva Breisneshuset.

Høgre røysta for at det skal vera opning for å utvida bustadfeltet Vetleli mot nord.  Dette fekk gjennomslag ved fyrste gongs handsaming, men vart nedstemt ved andre gongs handsaming.

Høgre røysta og for at Ystebøen og utviding av Ryggfeltet med Smiebakken skal ha prioritet som nye bustadfelt. Dette fekk ikkje tilslutnad.

Høgre røysta for  at servicebygget i Flåm kan kjøpast av lokalt selskap med delvis finansiering frå konsesjonsavgiftsfondet. Berre Venstre og ein representant frå Sp støtta Høgre. 

Ordninga med tilskot til vøling av eldre hus er fjerna mot m.a.  Høgre sine røyster. Fleire Senterpartirepresentantar søysta saman med Ap og Sv for å fjerne ordninga som vil leggja ytterlegare press på å få fram nye bustadtomter/byggjefelt.

Høgre røysta – saman med ein frå Ap – mot at kommunen skal busetja flyktningar i kommunale bustader.

Høgre stod åleine om å gå inn for at det skal vera nok parkeringsareal mellom Samvirkelaget og spissen på A-feltet i Flåm.


Utfordringar 2002 

Høgre vil i 2002 arbeida for at at målsetjingane om større effektivitet i den kommunale drifta vert realiserte.

Det må koma ein personalpolitisk handlingsplan med ny stillingsplan for alle delar av den kommunale verksemda.

Det må lagast ein samla plan for heimetenester og tilbod for eldre  i institusjon.

Nybygg ABU må realiserast.

Plan-, nærings- og bustadpolitikken må verta meir målretta og effektiv slik at Aurland kan snu ei utvikling med stagnasjon eller tilbakegang i folketalet.

 

Tilbake til HØGRE si hovudside