ANORTHOSITT - RESSURSANE I AURLAND KOMMUNE MÅ UTNYTTAST  

Aurland Høgre ser på dei store førekomstane av anhortositt i Nærøydalen som ein stor ressurs for kommunen.   Råstoffet kan utnyttast til miljøvennleg industriproduksjon Det må ikkje vera tvil om at Aurland kommune går sterkt inn for at desse ressursane  skal kunna utnyttast  Verneplananane må difor utformast slik at dei ikkje  vert eit hinder for å setja i gang utvida uttak av anorthositt.  

Aurland Høgre føreset at landskapet i området  ikkje vert påført uheldige naturinngrep.

Med dagens teknologi må me lett  kunna kombinera landskapsvern med moderne bergverksdrift.  Det vidare arbeidet i saka vil etter vårt vurderinga visa at anorthosittførekomstane må kunna utnyttast utan skadevirkningar og med store fordelar for lokalsamfunnet.

 Aurland Høgre

Tilbake til HØGRE si hovudside