AURLANDSVANGEN

Inlegg i kommunestyret 17/10 2002 Noralv Distad

Det er svært bra at det no ligg føre eit utkast til reguleringsplan.

Målet med planen er og greitt: Å leggja til rette for vidare utvikling av Aurlandsvangen samtidig som ein tek vare på særtrekk i struktur og bygningar. 

Aurland har store utfordringar.   Det er viktig å få vekst i privat sektor.

Det er viktig å snu ei utvikling med nedgang i folketalet.

Eit aktivt kommune- og forretningssenter er heilt avgjerande for å få til ei positiv utvikling.

Kommunesenteret skal vera attraktivt ikkje berre for eigne innbyggjarar, men og for regionen og ikkje minst for turistar.

Aurlandsvangen ligg nær stamvegen, er eit av utgangspunkta for fjordturar og er starten på den nye nasjonale turistvegen: Aurlandsvegen.

Høgre er godt nøgd med at området Bl. 1 vert regulert etter Alternativ 2. I dette området ligg jo Breisneshuset som har vore omstridd i årevis. No får me ein tenleg fleksibilitet for å utvikla dette området.

Høgre har elles ein del endringsframlegg utover det som er tilrådd frå planutvalet.

Føremålet er å unngå tiltak som vil kosta mykje og som ikkje bør ha høg prioritet.

Altfor ofte vert ein reguleringsplan berre ein plan. Viss me konsentrer oss om tiltak som kan gjennomførast, er det betre.   Samtidig bør me ikkje leggja unødvendig mange band på eigedomar og bygningar.

Endringsframlegg:

-         Område Bl. 3  Odden vert regulert til parkering/næring

-         Sp. s. Skjermbelte går ut.

-         Parkeringsboge går ut. Parkeringsløysing på torget vert som i dag.

-         Turvegen frå Odden til Onstadbrui går ut.

-         Spesialområde vern vert teke ut frå alle område som er regulert til bustader.

Dei fyrste punkta fekk fleirtal. Dvs. at Odden vert regulert til næring og parkering – til stor fordel for næringslivet og heile området. Det vert heller ikkje unødvendige investeringar i nye parjkeringsanlegg. Framlegget om å ta vern bort frå bustadområda fall dessverre med knapp margin (10 – 11), dvs at det ligg unødvendig harde band på framtidig byggjetiltak.

Administrativ omorganisering

Me har kvart år i arbeidet med budsjett og økonomiplan sett at det er nødvendig med omstilling og kostnadskutt i Aurland kommune.

Det har vore sett inn fleire tiltak, m.a. stillingsstopp.

Samtidig er det heilt nødvendig å gå over frå tilfeldige kutt og lause målformuleringar  - til langsiktig arbeid for å få sunnare økonomisk drift.

Det er svært positivt at rådmannen og administrasjonen og dei tilsette  har gått aktivt inn i arbeidet med administrativ omorganisering.

Me får no ein slankare topp administrasjon, mellomnivået går og ut og driftseiningane får ein  meir sentral rolle. Det siste er svært viktig. No får skular, institusjonar og andre tenesteeiningar større ansvar og myndigheit. Eg trur at dei vil  ta dette ansvaret på alvor.

Elles er det slik at formell organisasjonsstruktur berre er ei nødvendig ramme.

Utfordringa ligg no i det vidare arbeidet med å effektivisera kommunen.

Det er konkrete tiltak som tel.

Det ligg eit svært stort ansvar på  rådmannen som har fått fullmakter til praktiske tiltak.

Samtidig ligg det stort ansvar på politikarane med omsyn til  å prioritera oppgåver og fastsetja økonomiske rammer og mål.

Andre kommunar har lukkast med ei omstilling  med mellom anna sterk reduksjon i talet på tilsette. Dette er jo heilt  nødvendig også i Aurland med dei effektiviseringskrav som ligg i økonomiplanen.

Tertialrapporten viser at utfordrina ikkje har vorte mindre.

Aurland Høgre

Tilbake til HØGRE si hovudside