Innlegg i kommunestyret 16/12 2000 Noralv Distad

BUDSJETT 2001 - AURLAND KOMMUNE

Budsjettet for 2001 er eit viktig dokument for modernisering av Aurland kommune:

Viktige punkt:

Det er svært positivt at det er tverrpolitisk semje om desse punkta. Og det er viktig at vinst av effektivisering no er sett opp som ein inntektspost i budsjettet.

Samtidig innber budsjettframlegget indirekte skjerpa krav til overordna styring med klare mål og rammer og jamleg rapportering om oppnådde resultat.

I Høgre kan me sjølvsagt gå endå lengre med tiltak som innber konkurranseutsetjing. Me reknar med at dette vil breiare støtte etterkvart. Det viktigaste er jo at ting vert gjort på ein god og rimeleg måte, ikkje kven som gjer det.

Budsjettet markerer sterkt at trongare tider ikkje skal ramma arbeidet med nye bustadfelt og næringsutvikling. Det skal startast opp med reguleringsplanar for nye bustadfelt. Dei aktuelle områda er Ystebøen/Vinjum og Vinjaåsen. Ystebøen-området kjem fyrst og må etter Høgre sitt syn omfatta heile det området som er spelt inn av grunneigaren og private interesser. Det er ei viktig samfunnsinteresse knytt til å sikra nok areal til bustadbygging og me må ikkje laga områda for snevre.

Høgre vonar at det innan kort tid kjem opp eiga sak om reguleringsgrenser.

På administrativt plan er arbeidd med framlegg til plan for nye data- eller informasjons- og kommunikasjonsløysingar. Det er viktig at dette arbeidet vert forsert og det vert lagt stor vekt på å gjera Aurland kommune opnare - både internt og mellom kommunen og innbyggjarane.

Kommunen er i dag eit for lukka system og dette skapar unødig mange mistydingar og konfliktar.

Budsjetett har midlar til informasjons- og kommunikasjonsløysingar, men det trengst nok meir og dette må prioriterast for 2002 om ein ikkje kan få alt til i komande år med omprioriteringar.

Investeringar

Det er sett i gang eit viktig arbeid med planlegging av skulebygg.

Høgre er heilt klar på at ABU skal ha fyrste prioritet ganske enkelt fordi det er her utfordringa er størst med omsyn til å få lokale som stettar det faktiske behovet i åra framover. Enklare og heilt nødvendige utbetringar på Flåm skule må evt. kunna gjerast parallelt.

Vår dissens i budsjettframlegget relaterer seg utelukkande til dette punktet.

Me støttar såleis framlegget om å greia ut kunnskapssenter ved ABU.

Framlegg frå Høgre: To siste linjer i siste avsnitt under punktet Kommunale investeringar går ut og vert erstatta av fylgjande: Kommunestyret legg til grunn at utbygging ved Aurland Barne- og Ungdomsskule skal ha fyrste prioritet.

Høgre stør elles framlegget om å gjera ferdig Badelagunen i Skinnarviki.

Området har vore til skam for kommunen lenge nok.

Me vil elles gjenta tidlegare oppmodingar om å legga mest mogleg av attståande arbeid i området ut på samla tilbod. Inntil det motsette er prova vil me halda fast på at det er pengar å henta på å sjå ting i samanheng og innhenta samla tilbod.

Tilbake til HØGRE si hovudside