BADELAGUNE

Aurland kommune valde det dyraste tilbodet for badelagune. Berre Høgre røysta for å velja det rimelegaste tilbodet. Det var til slutt formannskapet som avgjorde saka som fyrst var oppe i kommunestyret i juni der Noralv Distad heldt dette inlegget:

I sakframstillinga i den delen som heiter saksopplysningar står det at det vart levert to godkjende tilbod. Saksopplysningar er jo det faktagrunnlaget alle - både politikarar og administrasjon skal forhalda seg til.

I avsnittet vurderingar vert det derimot lagt inn sterke formuleringar knytt til det eine tilbodet:  ….Ulike oppfatningar om kvalitet.., kjensle av noko tilfeldig prising., det eine er meir gjennomtenkt enn det andre.., den eine har betre både fagleg og økonomisk grunnlag til å oppfylla ein så omfattande kontrakt…..

Difor vert ikkje rimelegaste tilbod tilrådd. Teknisk utval har vel i realiteten ikkje godkjent det eine tilbodet fordi det etter utvalet si vurdering ikkje tilfredsstiller krav i tilbodsdokumenta.

Det eg reagerer sterkast på er at administrasjonen seier som fakta at det ligg føre eit godkjent tilbod samtidig som det vert gjeve ei vurdering som i sum og konsekvens inneber at tilbodet likevel ikkje vert godkjent.

Sjølv med den faglege grunngjevinga Teknisk Utval har, bør me vel vurdera om det er sakleg grunnlag for å fråvika lågaste pris.

Det er gjeve tilbod i forhold til tilbodsdokumet. Og då bør tilbod tildelast i samvar med dette.

Tilbake til HØGRE si hovudside