BIBLIOTEKET II

Innlegg i kommunestyret 17/10 2002  Noralv Distad

Høgre finn det mest tenleg at folkebiblioteket er på Aurlandsvangen .

Biblioteket ligg sentralt og sjølv om areala er oppgitt å vera litt knappe – bør det totalt sett  vera ei tilfredsstillande løysing at bibliteket held fram i legde lokale. 

Eg har jo tidlegare reagert på at nybygget på ABU vart teikna så romsleg at det var plass til eit heilt bibliotek som ikkje var med i romprogrammet.

Eg har og reagert på framstillinga om at spart husleige kan finansiera nybygg for bibliotek.

Dersom me tek renter og avdrag og framtidige driftsutgifter knytt til bygget, er det ingen tvil om at det no vert tilrådd ei dyrare løysing enn å halda fram i noverande lokale.

Dvs at biblioteket som ikkje er prioritert i økonomiplanen, rykkjer fram i køen – og at andre prosjekt må vika – alternativt at kravet til omstilling og kutt andre stader vert langt sterkare.

Elles har kommunen vore svært rask med å lysa bygget med bibliotek ut på tilbod – utan å venta på vedtak i kommunestyret.

Aurland Høgre

Tilbake til HØGRE si hovudside