FLYTTING AV FOLKEBIBLIOTEKET

Innlegg i kommunestyret  17. oktober 2002  av Monica Finden.

Høgre sitt framlegg om at biblioteket skal vera på Aurlandsvangen fekk dessverre kun  4 røyster.

Med dei store investeringane som Aurland Kommune no er i gang med ser eg at det ikkje er rom for å ha bibliotek og kunnskapssenter i Heradshuset med dei kostnadane det vil føre med seg.

Kunnskapssenteret tykkjer eg er greitt å ha på ABU slik at ein kan nytte datamaskinene og anna utstyr både for ABU, vaksenopplæring og eventuell utleige til det lokale næringsliv. Dei som ynskjer å nytte dette tilbodet vil kunne gjere det utan problem uansett kor det er plassert.

Enkelte hevdar at det ikkje er så langt opp til skulen, så biblioteket like godt kan plasserast der. For mange eldre som anten må ta drosje til Vangen, eller som så vidt klarar å gå dit er det likevel så langt at dei sannsynlegvis i stor grad vil falle frå som brukarar.

Familiar som nyttar anledningen til å kombinere handleturen med bibliotekbesøk vil og i stor grad falle frå som lånarar på den måten og med den hyppigheita som no.

Det er viktig at samlinga av bøker, videoar og cd-plater vert plassert i sentrum slik at ein tek vare på den ”tilfeldige tileigninga av kunnskap” og leselyst. Godt utlån er avhengig av god plassering.

Det er flotte lokale til bibliotek der det er no, men om boksamlinga skal vere i leigd lokale eller lokale som Kommunen eig og eventuelt i samordning med andre tilbod kommunen har må vurderast seinare. Det viktige no er at me ikkje vedtek å fjerne biblioteket frå sentrum.

I vurderingane har administrasjonen tilrådd at dersom folkebiblioteket skal plasserast på ABU så skal det etablerast eit tilbod om tilbakelevering av lånt materiell andre sentrale stader i kommunen. Det er til liten nytte at det er lett å levere attende lånt materiell dersom det er vanskeleg å låne det.

Drifta av skulebiblioteket kan med fordel leggast til Folkebiblioteket. Slik vil ein kunne nytte ressursane betre, og ein kan samordne innkjøp av bøker.

Mitt framlegg til vedtak er difor:

Kommunestyret opphevar vedtaket sitt datert 25.11.99 (K.sak 117/99) om flytting av Folkebiblioteket til Heradshuset.

Kommunestyret vedtek at kunnskapssenteret vert plassert på Aurland barne- og ungdomsskule.

Kommunestyret vedtek at bøker, videoar og anna materiell som pr. i dag er plassert i folkebiblioteket også i framtida skal plasserast i sentrum. Kva lokale som skal nyttast må drøftast som eiga sak, og eventuell flytting må samordnast med gjeldande leigeavtale for noverande Folkebibliotek.

Kommunestyret vedtek at ansvaret for drifta av skulebibliotektenesta vert lagt til Folkebiblioteket.

Sak 054/02 FLYTTING AV FOLKEBIBLIOTEKET TIL NYBYGGET PÅ ABU

Tilråding til vedtak:

Kommunestyret opphevar vedtaket sitt datert 25.11.99 (K.sak 117/99) om flytting av Folkebiblioteket til Heradshuset.

Kommunestyret vedtek at kunnskapssenteret vert plassert på Aurland barne- og ungdomsskule.

Kommunestyret vedtek at bøker, videoar og anna materiell som pr. i dag er plassert i folkebiblioteket også i framtida skal plasserast i sentrum. Kva lokale som skal nyttast må drøftast som eiga sak, og eventuell flytting må samordnast med gjeldande leigeavtale for noverande Folkebibliotek.

Kommunestyret vedtek at ansvaret for drifta av skulebibliotektenesta vert lagt til Folkebiblioteket.

Aurland Høgre

Tilbake til HØGRE si hovudside