Budsjett 2003

Framlegg frå Høgre i samband med budsjett 2003 inneheld fleire effektiviseringstiltak som skal gje innsparingar på kr.1 800 000.

Framlegget fører til lågare avgifter på vatn og avløp enn det som er tilrådd av dei andre partia.

Framlegget sikrar og billigare straum til Energiverket og dermed og til kundane. Samla sett vert avgiftene og straumprisen kr. 1 800 000  lågare enn det som er tilrådd av fleirtalet i formannskapet.

Konkret framlegg:

Kommunestyret legg til grunn at desse tiltaka skal gje kostnadsreduksjonar på kr. 1 400 000 i 2003 :

1.   Iverksetjing av vedtak om ny organisasjonsstruktur.

2.   Stillingsstopp og utarbeiding av ny stillingsplanar.

3.   Interkommunalt samarbeid i ÅLAV knytt til m.a. administrasjon, tenester og økonomiske og administrative system.

4.   Samordning og flytting av kommunale kontor til rådhuset og institusjonane - utleige av ledige lokale.

5.   Konkurranseutsetjing av driftsoppgåver der desse oppgåvene skal vurderast: renovasjon, vatn, avløp, transport, maskinar, vegar, vedlikehald og reingjering. Kommunen skal sjølv kunna delta i konkurransen.

6.   Sal av bustadhus - reduksjon av vedlikehaldskostnader.

7.   Sal av næringsbygg og eigedomar m.a. Vassbygdi Industribygg, Rutebilstasjonen og evt. seksjonar av Fjordsenteret.

Inntekter frå avgifter på vatn og kloakk vert justert ned med kr. 400 000

Påslag konsesjonskraft vert justert ned med kr. 1. 400 000.

Tilbake til HØGRE si hovudside