Innlegg til budsjettet av Monica Finden.  

Her i Aurland er me alle godt vande til eit godt tenestetilbod. No må alle finne seg i at prisane vert høgare og at tenestetilbodet vert redusert.

Folketalet i Aurland er no det lågaste som har vore på temmeleg lenge, og me må då passe på at me ikkje skremmer både barnefamiliar og andre frå å busetje seg her. Me har ikkje alle dei kulturelle tilboda, mange butikkar og anna som større plassar har å tilby folk. Difor må me ha andre ting å lokke med. Låge prisar og full dekning på barnehage og SFO er to viktige moment i vurderinga av kvar ein skal busetje seg, i tillegg til at ein har arbeid.

I år er småbarnsfamiliane dei store taparane i budsjettet her. Prisen på barnehage går opp med 10 %, musikk- og kulturskulen aukar med 20 % og skulefritidsordninga aukar med 20 % i tillegg til at det vert sett eit maksimumstak på talet plassar på SFO. Desse innstrammingane for småbarnsfamiliane kjem i tillegg til at småbarnstillegget vert fjerna frå staten si side.

For ein familie med 3 born, derav 2 i barnehagen, vil dette bety ein auka kostnad på kr. 5.560 + tap av småbarnstillegg på kr. 7.880 – tot. 13.440.

Tak på plassar på SFO håpar eg ikkje har så mykje å sei, for ”heldigvis” vil elevtalet for dei 4 første klassetrinna på ABU gå ned med 6 elevar kvart år dei to første åra. Seinare vil det ta seg opp att.

Eg har ikkje framlegg om endringar på desse punkta i budsjettet, for eg ser at det er ein del av ein nødvendig prosess i å kutte utgiftene og auke inntektene, men eg håpar at det for seinare samtalar om inntekter og utgifter i kommunen ikkje vert teken så stor del frå denne gruppa.

Tilbake til HØGRE si hovudside