BUDSJETT  2003

Innlegg i kommunestyret 19/12 2003 Noralv Distad og Høgre sine framlegg.
Høgre vart dessverre ståande åleine med sine framlegg.
Det var såleis ikkje tilslutnad til dei omstillingstiltaka Høgre meiner er heilt nødvendige og som må koma på eit seinare tidspunkt.

Innlegg i Kommunestyret:

Aurland kommune har framleis eit solid inntektsgrunnlag. Sjølvsagt kunne me ha ynskt at inntektene var høgare og det er viktig med vidare sterkt engasjement for å sikra dei inntektene kraftkommunane har eit rettkome krav på.
Det som likevel fyrst og fremst råkar den kommunale økonomien er eit for høgt utgiftsnivå med store lønsutgifter som no aukar nokså dramatisk etter det siste lønnsoppgjeret.
Kommunen sit og med ein stor eigedoms- og bygningsmasse som det er svært dyrt å  drifta.
Det har i fleire år vore klart at det er eit stort behov for omstilling i Aurland kommune.
Det er såleis gjort samrøystes vedtak om effektivisera drifta blant anna ved stillingsstopp og reduksjon i administrative stillingar.  Kravet til effektivisering har vore sett til 4 % utover lønns- og prisvekst.  Denne effektiviseringa har ikkje skjedd i praksis. Difor har me store utfordringar i åra framover.

For Høgre er det viktig at me prioriterer eit godt tilbod innan skule og oppvekst og på helsesektoren. Dette er dei kommunale kjerneoppgåvene og må alltid ha høgste prioritet. Budsjettet for 2003 sikrar gode tenestetilbod på desse områda sjølv om me alltid kan ønskja det endå betre. Og det er viktig at helse og skule også i seinare år får gode vilkår. Det har Aurland kommune råd til.  

Aurland kommune har hatt eit lågt avgiftsnivå og det har vore rimelege straumprisar.
Dette har vore ein stor fordel for innbyggjarane og næringslivet.
Høgre vil at det framleis skal vera slik.

Det er viktig at innbyggjarar får disponera mest mogleg av inntektene sine rett og slett fordi dei sjølve er gode forvaltarar av pengane. Å dra inn inntekter frå private og definera fleire oppgåver som offentlege er ei utvikling Høgre vil kjempa i mot.

I kraftkommunen Aurland har låge straumprisar vore eit stort gode. Det må det framleis vera. Denne fordelen kjem alle til gode.
Kommunen har rett til å selja konsesjonskrafta til vårt eige energiverk med forteneste. Dette styrkjer inntektene til kommunen men svekker privatøkonomien fordi det er abonnentane som må betala.
Det påslaget som no er tilrådd gjev ekstra straumkostnader for familiar på godt over 1000 kr. 

Korleis skal me så dekka inn reduserte inntekter i forhold til framlegget frå fleirtalet i formannskapet?  

Høgre meiner dette kan gjerast på fleire område:
- Kommunale driftsoppgåver må setjast ut på konkurranse for å få så rimelege løysingar som råd er.
- Ny organisasjonsstruktur og  stillingsstopp må gje innsparingar
- Den kommunale eigedomsmassen må reduserast for å spara driftsutgifter
- ÅLAV-samarbeidet er og primært oppretta for å gje stordriftsfordelar

Det må vera råd å få til innsparingar på 1.8 millionar.

Høgre fremjar difor dette framlegget:

Kommunestyret legg til grunn at desse tiltaka skal gje kostnadsreduksjonar på kr. 1. 8 millionar i 2003:
1.  
Iverksetjing av vedtak om ny organisasjonsstruktur.
2.   Stillingsstopp og utarbeiding av nye stillingsplanar
3.  
Interkommunalt samarbeid i ÅLAV knytt til m.a. administrasjon, tenester og økonomiske og administrative system.
4.  
Samordning og flytting av kommunale kontor til rådhuset og institusjonane - utleige av ledige lokale.
5.  
Konkurranseutsetjing der desse  driftsoppgåvene skal vurderast: renovasjon, vatn, avløp, transport, maskinar, vegar, vedlikehald og reingjering. Kommunen skal sjølv kunna delta i konkurransen.
6.  
Sal av bustadhus - reduksjon av vedlikehaldskostnader.
7.  
Sal av næringsbygg og eigedomar m.a. Vassbygdi Industribygg, Rutebilstasjonen og. Evt. seksjonar av Fjordsenteret.

Kommunestyret vedtek at finansiering av driftskostnader med påslag av konsesjonskraft vert redusert med kr. 1. 4 millionar kroner.
Avgifter vatn og avløp vert redusert tilsvarande  kr.400 000.
I tillegg fremja Høgre framlegg om å auka tilskotet til Spiren barnehage med 20 000.
Høgre gjorde og framlegg om å redusera lønn sentraladminsitrasjonen (utsett tilsetjing av kommunalsjef) og lønn bibliotek (rekruttera biblioteksjef internt).

Desse framlegga fekk ikkje tilslutnad.

Høgre røysta mot å kutta løyvingane til kyrkja og  til reiselivslaget.

Høgre sine medlemer protokollerte at me meiner fleirtalet brukar pengar frå konsesjonsavgiftsfondet til ordinær drift i strid med regelverket.

Tilbake til HØGRE si hovudside