Innlegg i kommunestyret 18/1 2001 Noralv Distad

Situasjonen i helse- og sosialsektoren

Rapporten frå Astad om styringa av helse- og sosialsektoren stadfestar dei store vanskane som har vore på helse- og sosialsektoren. Det vart etter vårt syn teke affære for seint, men i tide til unngå ein større katastrofe. Det er positivt at brukarane ikkje har vorte skadelidande og det er grunn til å rosa dei tilsette for godt arbeid i ei vanskeleg tid.

Det står enno att å få fram korleis dei tilsette i dag vurderer situsasjonen for eigen del og korleis intern informasjon fungerer. Rekneskap for drifta av sektoren vil og koma seinare.

Kommunestyret måtte setja i verk ekstraordinære tiltak for å koma ut or utføret.

No er tida inne for at helse og sosialsektoren skal drivast på ordinært vis med nye organisasjonsplan og ny toppleiar.

For oss som politikarar er det viktig å seia klart frå om at me har tillit til at toppleiar, andre leiarar og tilsette kan utføra arbeidet til beste for brukarane og i eit positivt arbeidsmiljø der det vert lagt vekt på å sjå framover og føreta dei endringane som er nødvendige. Me forventar at alle viser seg tilliten verdig.

Det er viktig at det i framtida vert lagt opp til opne prosessar med vekt på informasjon.

Mange konfliktar tuftar seg dessverre på at informasjonen er fråverande eller mangelfull.

Den ekstraordinære prosessen som no skal avsluttast er ein dyr lærepeng.

I framtida må kommunen satsa i forkant for å unngå konfliktar.

Høgre er for sterk og stram styring, men tilsette har krav på å verta informerte og involverte i ein tidleg fase.

Dette tilseier Aurland kommune no med basis i dei nyleg vedtekne organisasjonsplanar må ta eit krafttak for få fram overordna målsetjingar og ein konkret handlingsplan i personalarbeidet for heile kommuneorganisasjonen.

Tilbake til HØGRE si hovudside