Kommunestyret desember 2004

 

Framtidig kommunestruktur. Innlegg ved Noralv Distad 

Det er ei klar og grei tilråding i saka:

Aurland har eit solid ressurs- og inntektsgrunnlag dersom me kan behalda og helst auka dei inntektene me har i dag. Dette er inntekter som me har eit heilt rettkome krav på. I ein slik situasjon er det naturleg og mest tenleg å halda fram som eigen kommune. 

Interkommunalt samarbeid er viktig, men det må vera effektivt og gje resultat. Samarbeidet må fungera slik at det basert på behova i dei enkelte kommunane og ikkje i form av at interkommunale organ vert overkommunar som dikterer eigarane sine.  Det er tendensar til at interkommuanale organ vert ”statar i staten”. Dette kan ikkje fungera.

Interkommunalt samarbeid er ikkje noko mål i seg sjølv, kun eit virkemiddel for å  løysa oppgåver som går på tvers av kommunegrenser eller er for kostnadskrevjande for  den enkelte kommune.  

Framlegget om nye, store regionar er uheldig fordi det skaper stor avstand mellom styresmaktene og innbyggjarane og fordi det totalt sett fører til eit for stort offentleg byråkrati.

Eit praktisk samarbeid på Vestlandet, mellom anna i næringssaker og for å fremja samferdslesaker er viktig og fullt muleg også utan å byggja opp eit nytt folkevald forvaltningsnivå. 

Fylkeskommunen har allereie no ein redusert funksjon og det bør i framtida vera nok med to forvaltningsnivå.  

Eg gjer difor framlegg om tillegg i samsvar med min særmerknad:

Fylkeskommunen kan avviklast som forvaltningsnivå. Kommunane kan ta over oppgåvene og løysa desse i den enkelte kommunen eller i interkommunalt samarbeid der dette er mest tenleg. 

Som replikk til Ottar Steine (Ap) som vil ha 3 forvaltningsnivå og har større tru på Fylkestinget enn på Stortinget vil eg kort peika på at Sogn Jord- og Hagebruksskule ikkje eksisterer på grunn av fylkestinget, men etter vedtak i Stortinget. Det er fylkestinget som innfører elevstyring. Det vert Stortinget som må innføra fritt skuleval: Dette vil oppheva det uheldige vedtaket fylkestinget har gjort og som rammar elevane frå Aurland. Og i kraftsaker går gevinsten ved sal av konsesjonskraft i hovudsak til fylkeskommunen. Større verdiar burde ha vore att i Aurland der ressursane er. 

Framlegget frå Høgre fekk kun partiet sine eigne røyster. Men samtidig vart det heller ikkje fleirtal for framlegget frå Ap om at det uansett skal vera tre forvaltningsnivå.

Manglande prosjektrekneskap for m.a.  sjukeheim, ny skule

Innlegg og forslag ved Noralv Distad

Dette er ei svært trasig og uheldig sak. Brevet frå kontrollutvalet og innlegget til leiaren er klar tale og det er ingen grunn til ytterlegare kommentarar utover at rådmannen har ansvaret og fylgjande merknad bør takast inn i møteboka:

RS 013/04 Merknad frå kommunestyret

Aurland kommunestyre pålegg rådmannen å leggja fram alle dei aktuelle byggjerekneskapa slik at dei kan handsamast i neste møte den 10. februar 2005.

Kommunale avgifter  Innlegg og forslag ved Monica Finden

Høgre går inn for at me skal ha eit rimeleg avgiftsnivå og me tilrår difor at auken ikkje bør vera større enn kostnadsutviklinga elles i samfunnet. Me tilrår difor auke med 2,5 %.

Differansen mellom 2,5 % og 5 % er ikkje stor, ca kr. 95 000 til saman.

(80 000 for vassavgifter og 2500 – 5000 i dei andre sakene).

Høgre er og i mot innføringa av eigenbetaling for minstepensjonistar på heimebaserte tenester.

Ved avrøystinga vart det dessverre knapt fleirtal for 5 % auke og innføring av eigenbetaling også for minstepensjonistar. Høgre fekk støtte frå Venstre og eit par frå Senterpartiet. 

BUDSJETT 2005  Innlegg Noralv Distad:

Aurland kommune har store økonomiske utfordringar. Men me har samtidig eit solid inntektsgrunnlag og bør ha gode føresetnader for å gjera endringar slik at me reduserer utgiftene samtidig som me opprettheld og vidareutviklar tenestetilbodet.

I framlegget til budsjett er det difor klare formuleringar om

Klarar me ikkje omstillinga no, vil midlane bli brukt lite effektivt - noko som svekkar evnen til tenesteyting og engasjement i utviklingsarbeid.

Men klarer me å gjennomføra nødvendige omstillingstiltak, vil Aurland kommune ha svært gode mulegheiter til å yta gode og kanskje betre tenester i åra framover. Me vil og frigjera midlar til investeringar og utviklingstiltak. 

Difor både vonar eg og reknar med at alle partar no tek utfordringa og deltek aktivt i den vidare prosessen.

Den modellen som er vald for budsjettering og arbeid med omstilling er spennande og nokså eineståande.
Kommunestyret fastset rammene utfrå dei inntektene me har.

I neste omgang og i løpet av året vil kommunestyret få fleire konkrete saker til handsaming. Det gjeld mellom anna gjennomgang av administrasjonen og skulane/barnehagane.

I tillegg skal evt. saker om endringar i oppgåver og tiltak opp i kommunstyret. Det same gjeld igangsetjing av investeringar. På denne måten vert kommunestyret si rolle styrka.

Budsjettet for 2005 vart vedteke samrøystes.