Kontrollutvalet - konsulentarbeid

Innlegg i kommunestyret 28/11 02 ved Noralv Distad:

Eg er glad for det no er lagt fram ein så grundig rapport om konsulentarbeidet i helse- og sosialetaten.

Rapporten avdekker ei rekkje kritikkverdige forhold med omsyn til vedtak, avtalar og svartid på brev frå kontrollutvalet.

Kommunestyret må slutta seg til den kritikken som er framført.

Hovudutval for helsevern og sosialomsorg  var i si tid så kritisk til innhaldet i konsulentarbeidet at kommunestyret bad om å få utgreidd om det er grunnlag for å krevja pengar tilbake. Kontrollutvalet konkluderer med at arbeidet er utført i medhald av fleire skriftlege avtalar og ein munnleg avtale.  Det bind kommunen og det er ikkje grunnlag for å krevja tilbake noko av honoraret.

Kontrollutvalet har såleis ikkje gått særleg inn på sjølve innhaldet i det som er gjort i forhold til dei store konsulenthonorara.  Dette spørsmålet står såleis framleis ope. Me må godta at rådmannen sine godkjenningar bind kommunen og at det ikkje er noko formelt grunnlag for å gå vidare med  evt. krav om tilbakebetaling.

Tilbake står den  krasse kritikken frå hovudutvalet, den store utbetalinga frå kommunen og manglande evalueringsrapportar.

Heile denne saka er ein enormt dyr lærdom for Aurland kommune. Det dreier seg ikkje om bagatellar og eg er glad for at også ordføraren no er samd i dette.

Det er avgjerande viktig  for det første å unngå slike  krisesituasjonar i framtida. Og for det andre må organisasjonen  alltid opptre ryddig og formelt korrekt. Brot på vanlege reglar må påtalast. Og for det tredje: Me må sikra oss slik at me får att i samsvar med det me betalar inn.

Me må og  ta sjølvkritikk for at me for lett gjekk med på ei ekstraordinær løysing hausten 1999. Det hadde nok vore betre med ei meir ordinær handsaming. Men me kan ikkje gå frå det faktum at me alle godkjende at det vart sett i verk tiltak i 1999 slik det er framstilt i saka.

Framlegg til vedtak  069/02:
Kommunestyret har motteke rapport frå kontrollutvalet om konsulentarbeid i helse- og sosialetaten og sluttar seg i det alt vesentlege  til den kritikken som er framført.

Kommunestyret tek ikkje stilling til merknaden om rapport frå O. Hellesøy.

Framlegget vart samrøystes vedteke.

Tilbake til HØGRE si hovudside