LÆRDAL SJUKEHUS

Etter framlegg frå  Høgre ved Milly Loftesnes gav Kommunestyret 19/12 2002  samrøystes tilslutnad til denne fråsegna:

Aurland kommunestyre kan ikkje sjå at det er nokon grunn til å gjera endringar i statusen til Lærdal sjukehus.

Eit fullverdig Lærdal sjukehus er ein nødvendig del av den totale sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane.

Sjukehusa skal tena innbyggjarane og må få dei ressursane som trengst for å gje eit fullt ut tilfredsstillande tilbod.

Eit godt og stabilt sjukehustilbod er og viktig for å tryggja busetnad og næringsliv i ein region.

Statlege styresmakter må no gripa inn slik at det ikkje vert brukt meir ressursar på prosessar som ikkje er tenlege for å utvikla eit betre sjukehustilbod.

Tilbake til HØGRE si hovudside