HØGRES LANDSMØTE 2004

VERDISKAPING

Norge har  svært store verdiar i form av naturressursar og etablert næringsliv. Det er viktig at det vert lagt til rette for å kunna utnytta dette ressursgrunnlaget i størst mogleg grad.

Det er all grunn til å gje ros til det både det arbeidet Regjeringa alt har gjort for å betra rammevilkåra for næringslivet og dei planar som ligg føre for ytterlegare forbetringar.

For bedriftene treng  ytterlegare forbetring av rammevilkåra slik at dei vert konkurransedyktige og  kan utløysa den vekstkrafta som er nødvendig for å skapa nye og lønsame arbeidsplassar. Det er  bedriftene i Distrikts- Norge som i utgangspunktet har dei største kostnadene og vil dermed og ha mest nytte av ytterlegare reduksjonar i skatte- og avgiftsnivået.  Det  er difor viktig at Regjeringa gjennomfører dei planlagde skattereduksjonane.

Det  er jo fleire politiske parti med Senterpartiet i spissen  som først vil føra  endå større ressursar frå bedriftene inn til staten i form av skattar og avgifter – for så å dela dei ut att etter politisk skjønn under nemninga meir aktiv distriktspolitikk. Dette er ein politikk me må unngå. Det er i bedriftene og etablerarmiljøa verdiskapinga skjer og det er dei som må få anledning til vidareutvikling og nyskaping.

Staten må likevel framleis ha ein rolle. Ikkje som næringsaktør, men som støttespelar.

Det er i dag store krav til omstilling i næringslivet. Det er difor svært viktig å stimulera til nyskaping og nye etableringar og at det vert sett inn nødvendige ressursar til slike aktivitetar.

Det vareproduserande næringslivet er heilt avhengig av få varene raskt og  rimeleg  fram til marknadene. Det er difor viktig at løyvingane til vegbygging vert auka. Bompengar er og ei for stor belastning i dag..

KOMMUNANE

Arbeidet med å modernisere offentleg sektor er svært viktig for å kunne tilby betre tenester og for å få meir igjen for dei pengane som vert sett inn til løysing av velferdsoppgåvene.  Det er og nødvendig ikkje berre å dempa veksten i byråkratiet, men å få til forenklingar som gjer kvardagen enklare både for privatpersonar og bedrifter. Stat

Lokalforvaltninga omfattar i dag kommunale, interkommunale organ og bedrifter, fylkeskommunale og statlege organ.  I tillegg har me no fått landsdelsråd. Og nye organ kjem som regel i tillegg og ikkje som erstatning for det eksisterande. Det  samla forvaltningsapparatet vert oppfatta som både innfløkt, overadministrert og alt for kostbart.

Høgre har  eit klart standpunkt om å avvikle fylkeskommunen. Dette må me halda fast på og arbeida for  at det vert ein realitet så raskt som råd er.

Men det er ikkje nok berre å å avvikla fylkeskommunen. Me  må og sjå på organiseringa av heile forvaltningsapparatet på lokalt og regionalt nivå. Statlege og kommunale tenester kan og bør samordnast i langt større grad enn kva tilfellet er i dag.  Det vert arbeidd med å få til lokale velferdsetatar som tek seg av det som  til no har vore både kommunale og statlege oppgåver. Dette er spennande og kommunane bør få høve til å prøva ut slike modellar.

Eg ser for meg ei lokalforvaltning med sterke, handlekraftige kommunar som er i stand til både å løysa velferdsoppgåvene og  til å driva utviklingsarbeid med basis i lokale prioriteringar.

I framtida bør kommunane få ein relativt større del av skatteinntektene – og i alle fall må ein unngå inndraging av inntekter som kommunar har hatt – til dømes gjeld dette kraftutbyggingskommunane som har avgitt ressursar og må få att det dei var førespegla på utbyggingstidspunktet. Skatt frå bedrifter må og verta ein viktig ressurs for kommunane.

Tilbake til HØGRE si hovudside