Meir effektiv offentleg sektor

 

Aurland Høgre stør Regjeringa sitt arbeid med å modernisera offentleg sektor.

Det er heilt nødvendig med  omfattande forenklingar og endringar for å gjera offentleg verksemd meir effektiv.

 

Aurland Høgre er samd i endringar som styrkjer kommunane sin rolle og reduserer aktivitetane på fylkesnivå.

Aurland Høgre går inn for at det framtida skal vera to forvaltningsnivå:  Staten og kommunane.

 

Det er viktig at kommunane får tilstrekkeleg økonomisk handlefridom til å gjennomføra oppgåvene på ein forsvarleg måte.  Samtidig må kommunane verta oppmuntra til å bruka midlane slik at dei  kjem innbyggjarane og brukarane  meir direkte til gode.  Dette krev  auka bruk av konkurranse og avbyråkratisering.