NÆRINGSPOLITIKK - STØTTEORDNINGAR

 

Aurland Høgre prioriterer sterkt å få til vekst i privat sektor. Dette er heilt nødvendig for å få til ei positiv utvikling i Aurland med vekst i arbeidsplassar og folketal. 

Etter initiativ frå Høgre vert det no føreteke gjennomgang av alle kommunale næringseigedomar med tanke på å få til meir aktivitet og nyetableringar. 

I kommunestyret 3. april vart det vedteke nye reglar for konsesjonsavgiftsfondet og tilskotsordningar.

Johannes Dalsbotten fremja fleire forslag på vegner Høgre. Alle vart vedtekne !

Dette inneber mellom anna: 

·         Maksimalsatsen på tilskot vert auka frå 60 000 til 100 000.

·         Tilskot kan utbetalast med inntil 30 % av kostnadene ( i staden for 10 %)

·         Minimumskostnad for å oppstartings tilskot sett til 100 000 (i staden for 200 000).·          

Dette innber at ein får eit strekt verktøy både for å stimulera utvikling i eksisterande bedrifter og for nyetableringar. Ordninga vert og betre for ungdom som vil skapa eigen arbeidsplass ved at også mindre prosjekt no kan få støtte. 

Høgre fekk samtidig gjennomslag for at ein skal ha behovsvurdering av tiltak som vert etablert i konkurranse med eksisterande næringsliv. Dette m.a. for å unngå overetablering i enkelte bransjar.

Stønad skal heller ikkje subsidiera privat næringsverksemd. 

Høgre støtta elles framlegg frå Senterpartiet om at det også skal vera høve til å støtta prosjekt som vert gjennomførte som  fylgje av nye, generelle krav frå det offentlege. Det same gjaldt forslag om at støtteordninga og skal omfatta næringsbygg. Tilskot til nydyrking vert vidareført.

Høgre støtta og SV sitt framlegg om at ENØK tiltik kan få støtte. 

Tilbake til HØGRE si hovudside