Politisk eittårsrekneskap frå kommunestyregruppa

Saker Høgre har prioritert i 2000

Prioriterte saker for Høgre:

Kva Høgre har oppnådd:

I den framtidige aldersomsorga skal ein leggja til rette for at dei eldre kan bu heime så lenge som råd er samtidig som det alltid skal vera nok institusjonsplassar. I denne samanhengen er det viktig å få til eit nytt rehabiliteringstilbod for trening med tanke på å kunna klara seg sjølv eller med hjelp i heimen.

Høgre har registrert skepsis til etablering av rehabilitering, men konstaterer at det no er tverrpolitisk semje om å etablera eit slikt tilbod.

Høgre har fått med fleire av sine programstandpunkt i budsjettet for 2001. Dette gjeld m.a.

betre økonomistyring, større vekt på effektivitet, meir bruk av private løysingar og sal av kommunal bustadmasse. Høgre har i budsjettdebatten sagt klart frå om at me no forventar konkret gjennomføring av desse punkta.

Omorganisering i sentral- og helseadministrasjonen er vedteken med tilslutnad frå Høgre.

Men Høgre har understreka at planar ikkje er nok, det er det konkrete arbeidet i organisasjonane som er avgjerande. Høgre vil og arbeida mot at det vert oppretta leiarstillingar i tillegg til dei som er med i dei vedtekne planane.

Høgre støtta at det vart sett i verk ekstraordinære tiltak på helsesektoren. For Høgre var det viktig at ein raskast mogleg kom attende til ordinær drift med fast tilsett helse- og sosialsjef. Dette vart det til slutt tverrpolitisk semje om.

Høgre har fått tilslutnad til at næringspolitikken skal få større merksemd ved at Hovudutval for utvikling no tek hand om alle næringssaker med unntak av dei sakene som går til kommunestyret.

Høgre har støtta arbeidet med reiselivssatsing i Flåm og fekk samrøystes tilslutnad til eit framlegg om at det no og skal koma inn nye eigarar med kapital og kompetanse.

Høgre har fått tilslutnad til at det lokale næringslivet alltid skal kunna delta når det vert henta inn tilbod på varer og tenester.

Høgre har peika på at politiske vedtak skal iverksetjast. Fond for Galleri Vinjum har vore eit papirvedtak inntil Høgre tok saka opp.

Saker der Høgre ikkje har fått gjennomslag

Høgre har som einaste parti gått inn for at ein straks skal innhenta tilbod både på prosjektering og bygging av ny sjukeheim og ombygging av alders- og sjukeheimen. Dette for å sikra effektiv framdrift og ei økonomisk god løysing samtidig som ein unngår nye debattar om bruk av eksisterande institusjon.

Høgre har gått inn for å sjå tekniske anlegg i området Skinnarviki - Sjukeheimen i samanheng for å få til gode, rimelege løysingar. Dette var det tilslutnad til i startfasen, men seinare vart det lagt opp til delte løysingar.

På skulesektoren må det fyrst byggjast ut på ABU fordi det er her behovet er størst. Ein del utbetringar kan skje parallelt på Flåm skule. I denne saka stod Høgre åleine då budsjettet for 2000 vart vedteke. No sluttar og Arbeidarpartiet opp om at ABU skal ha første prioritet. Men enno er det ikkje fleirtal for ei slik prioritering.

Høgre har arbeidd aktivt for at Aurland skal ha eit lågast mogleg avgiftsnivå. Høgre har såleis gått inn for å innhenta tilbod på alle renovasjonstenester framfor å satsa einsidig på SIMAS. Dette har me ikkje fått tilslutnad til så langt.

Høgre har saman med Venstre gått i mot at kommunen skal ta utbyte frå Aurland Energiverk eller ta påslag på konsesjonskrafta. Energiverket må ha gode rammevilkår for å sikra drifta og rimelege prisar til abonnentane.

Høgre har gått inn for at ein må ta i bruk konkurranseprinsippet framfor å etablera eller støtta utvalde bedrifter utanom den kommunale verksemda. Høgre har ikkje fått gjennomslag for dette i praktisk politikk.

Høgre stod åleine om ei fråsegn der me m.a. opna for nedlegging av fylkeskommunen

Utfordringar for 2001

Tilbake til HØGRE si hovudside