RAPPORT  FRÅ KOMMUNESTYREGRUPPA 2002  

Alternativt budsjett

Høgre la i 2002 fram eit eige framlegg til budsjett med:
·        
lågare avgifter på vatn og kloakk
·        
lågare straumpris (ca 6 øre pr. kwh)
·        
kutt i kostnader på 2,8 mill. kr. ved å effektivisera drifta og få vinst av interkommunalt samarbeid
·        
sal av næringsbygg og kommunale bustader

Høgre vart ståande åleine med sitt framlegg .  Det var heilt nødvendig å setja fram dette forslaget for å markera at utgiftsnivået må ned samtidig som kostnadsauken for innbyggjarane må reduserast.

Reduserte driftsutgifter - færre tilsette

Høgre har mellom anna i pressa understreka sterkt at administrasjonen må verta meir effektiv og at talet på stillingar må reduserast. Høgre har vore sterkt oppteken av at stillingstoppen skal vera mest mogleg reell og har i fleire saker røysta mot at ledige stillingar  skal lysast ut - og mot å forlenga engasjement.
Dette gjeld mellom anna stillingane som byggjeleiar, økonomisjef og biblioteksjef. Høgre har  kome i  mindretal.
Høgre har stilt spørsmål om stillingsstoppen i to kommunestyremøte.

Saker der Høgre har vunne fram:

·         Privat utbygging av Ytstebøen bustadfelt - samrøystes etter fyrst å ha vorte utsett av fleirtalet (Sp/Ap).
·        
Endringar i framlegg til reguleringsplan for Aurlandsvangen (parkering som no i sentrum og på Odden).
·        
Fråsegn frå kommunestyret med støtte til Lærdal sjukehus.
·        
Klar kritikk mot handsaminga av konsulentsaka.
·        
Verdi på aksjar fastsett etter verdivurdering.
·        
Opna for å etablera øvingsområde for scooterkøyring
·        
Prisfastsetjing av tomt i Flåm (Fylkesmannen overprøvde fleirtalet og Høgre sitt mindretalsframlegg vann fram).

Saker der Høgre ikkje har vunne fram:

 ·         Høgre ville framleis ha biblitoteket på Aurlandsvangen
·        
Høgre sa nei til å busetja fleire flyktningar
·        
Høgre ville gje løyve til glasoverbygd El 9 lokomotiv i Flåm.  Dette vart nedstemt.
·        
Høgre sa nei til kutt i løyvingane til kyrkja og reiselivslaget.
·        
Vassbygdi skule ville etter Høgre sitt framlegg verta oppretthalden 2003/2004, og deretter nedlagt viss ikkje elevtalet stig. Dei andre parti ville anten leggja ned straks eller oppretthalda skulen på ubestemt tid.
·        
Høgre ville innhenta tilbod på ombygging av ABU samtidig med tilbod på nybygg for evt. å kunna få rimelegare totalløysing. Dette fekk kun Høgre sine røyster.
·        
Høgre sa nei til å gje alle dei sentrale områda på Aurlandvangen vernestatus
·        
Høgre røysta for det rimelegaste tilbodet på bygging av Badelagune
·        
Unngå at konsesjonsavgiftsfondet vert nytta til reine driftsoppgåver som ikkje er næringsretta.

Tilbake til HØGRE si hovudside