AURLAND – HOL  MÅ VERA VINTEROPEN

Høgre røysta i kommunestyret  for å gje tilskot til vinterbrøyting i 2002, men fekk samrøystes tilslutnad til eit framlegg som klart understrekar at dette er eit eingongstilskot.  Seinare må Staten dekka kostnadene. 

Avisinlegg ved Aurland Høgre i januar:

Aurland Høgre vil på det sterkaste avvisa framlegget om å vinterstengja Rv 50.

Stortinget har sagt at det er vegkontora og fylkestinga i både Sogn og Fjordane og Buskerud som skal avgjera om vegen skal haldast open.  Me kan ikkje tru at alle desse instansane vil gå inn for å stengja rv 50.

Aurland – Hol er eit godt alternativ for aust – vest trafikk og det er  store næringsinteresser knytt opp mot vegen.

I Aurland gjeld dette ECO Vannkraft og fleire turistbedrifter.

Å byggja vegar for deretter å stengja dei, er uansett uforsvarleg politikk.  For Rv 50 sin del  må evt. stenging også vurderast rettsleg fordi vegen er bygd i samband med kraftutbygging og overteken av Staten som heilårsveg.  Men dette unngår ein ved å gjera det einaste rette: brøta vegen som før.

Aurland Høgre

 

Tilbake til HØGRE si hovudside