Selskapsavtale for SIMAS – INNLEGG OG FRAMLEGG FRÅ HØGRE v/ JOHANNES DALSBOTTEN 

For om lag eit år sidan handsama kommunestyret sak om utvida låneramme for SIMAS. 

Fleirtalet i Kommunestyret vedtok då å gå inn for utvida ramme på følgjande vilkår:

Aurland kommune skal ta avgjerd om framtidig renovasjonsordning som eige sak.  Vedtaket i dag bind ikkje opp denne avgjerda.  Det er difor SIMAS sitt ansvar å sjå  til at volum og økonomi i eit nytt anlegg er sikra før byggjestart.” 

Når vi no i dag får 2 nye saker om SIMAS til handsaming utan at kommunestyret  har teke  avgjerd om framtidig renovasjonsordning, er det grunn til å minne om den skepsis som vi framførte for eit år sidan. Dersom vi i dag gjer dei vedtak som vi er  invitert til, vil vi i praksis samstundes ta ei avgjer om kva renovasjonsordning vi skal ha i framtida, og det vil følgjeleg heller  ikkje vere grunnlag for å gjennomføre det vedtak som vart gjort i fjor. 

Høgre har vore heilt klare på at val av renovasjonsordning skal avgjerast etter anbodsprinsippet. Dette fordi eit slikt avgjerdsgrunnlag etter vårt syn sikrar best mogeleg teneste til lågast mogeleg pris.  Berre dersom det kan leggjast fram tilstrekkeleg dokumentasjon på at det ikkje finst andre godkjente tilbydarar som er konkurransedyktige på pris, må ein godta SIMAS sitt tilbod utan vidare.  Slik dokumentasjon ligg etter vårt syn ikkje føre.Etter vårt syn er dette siste sjanse for Aurland til å gjera noko reelt val av renovasjonsordning.  Vi vil difor komma med følgjande endringsframlegg: 

1.      Framlegg til ”Selskapsavtale for Sogn Interkommunale Miljø- og Avfallsselskap IKS” vert godkjent som selskapsavtale for SIMAS. 

2.      Aurland kommune reserverer seg mot punkta 1 og  6 i § 2 i avtalen, og hentar inn tilbod på alle renovasjonstenestene frå 01.01.02. Tilbodsperioden bør vera på 5 år

Tilbodet skal vera spesifisert, og det skal vera mogeleg å trekkja ut deler av avfallssortimentet.

 3.  For våtorganisk avfall må lokale tilbydarar få høve til å gje tilbod.

Tilbake til HØGRE si hovudside