Skuleutbygging, breiband og vern

I kommunestyret i juni fekk Høgre gjennomslag for fleire forslag. Det viktigaste var at ABU skal finansierast delvis med lån frå konsesjonsavgiftsfondet. Frå administrasjonen var det tilrådd tilskot frå fondet. Høgre arbeider for at konsesjonsavgiftsfondet ikkje vert svekka og kommunen bør betala renter og avdrag slik som andre låntakarar. Høgre fekk og gjennomslag for at ramma til nybygg ABU vert justert ned med 400 000 i forhold til fleirtalstilrådinga frå formannskapet. Ramma vert likevel høgare enn det som er avsett i budsjettet.  Høgre er redd for kutt i drifta om ein ikkje klarer å avgrensa investeringane til det som er planlagt og heilt nødvendig. Store investeringar fører til auka rente- og avdragskostnader.

Det var full semje om at Aurland kommune skal yta gunstig lån til breibandutbygging. Men Høgre fekk tilslutnad til at seinare utviding bør skje med finansiering frå konsesjonsavgiftsfondet på vanlege vilkår.

Det var ein frisk debatt om vern av området mellom Nordheimsdalen og Frønningen/Bleia. Høgre ved Åsmund Ohnstad fremja forslag om å seia nei til verneframlegget. Det er svake argument for vern. Derimot kan vern få uheldige konsekvensar for framtidig næringsutvikling. Aurland har alt store verneområde og ein bør ikkje no gå inn på nye vernetiltak. Høgre fekk 10 røyster for sitt forslag. 11 røysta for vern.

Tilbake til HØGRE si hovudside