Sogn Jord- og Hagebruksskule 

Under budsjetthandsaminga i haust kutta dessverre Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sv og Framstegspartiet løyvinga til landslinjer frå 139,2 mill  kr. til 109,8 mill kr.

Høgre, Krf og Venstre gjekk inn for å løyva 139,2 mill. kr. Desse partia peikte på at det er viktig å føra vidare ordninga med landslinjer og at dei andre partia kutta utan å visa til  kvar og korleis .

Dette kan no ramma Sogn Jord- og hagebruksskule

Viss dette  ikkje er  meininga, må Arbeiderpartiet, Sp, SV og Frp straks gje klarsignal for vidare drift.

Sogn Jord- og hagebruksskule fortener nå både pengar og ro slik at skulen kan driva undervisning og utvikla seg vidare som viktig kompetansesenter innan økologisk landbruk.

 Aurland Høgre

 

Tilbake til HØGRE si hovudside