STATSBUDSJETTET 2004 – EIGEDOMSKATT FOR KRAFTFØRETAK 

Det er med stor uro Aurland Høgre ser at det i statsbudsjettet for 2004 er gjort framlegg om å redusere minimumsverdien i eigedomsskattegrunnlaget for kraftføretak frå 1,10 kr/kWh til 0,80 kr/kWh. 

Då dagens minimumsverdi vart vedteken i 2000, var det etter lagt tids forarbeid og dokumentasjon. 

Dokumentasjon innhenta av Kommunaldepartementet viser at marknadsverdiane – det som etter lova skal vera grunnlaget for eigedomsskattetakstane – ligg på omlag 1.80 kr/kWh.

Det er difor vanskeleg å forstå dei argument som vert nytta for å redusere minimumsverdien.

Framlegget til endring i eigedomsskattegrunnlaget skyv balansen mellom kraftselskapa sin økonomi og kommuneøkonomien i favør av kraftselskapa, i ei tid då overskota i bransjen er rekordhøge, samstundes som kommunane slit med å få budsjetta i balanse.

Eigedomsskatten på kraftføretak er for mange kommunar ei avgjerande inntektskjelde for å halda oppe dagens velferdstilbod til innbyggjarane. Eigedomsskatt til kraftkommunane vedkjem heile kommunesektoren, fordi eigeninntekter til nokre kommunar frigjer statlege overføringar til andre kommunar.   

Vår eigen kommune vart sterkt råka av dei endringar som vart gjennomført i 2001.  Dersom framlegget til endringar i år vert vedtekne, vil det påføre kommunen ytterlegare milliontap. 

Ved omlegginga i 2001 tapte vi ca  kr 7,5 mill. Vi kan tape ytterlegare  2 – 2,5 mill frå 2004. Det vil bety at eigedomsskatten i løpet av 3 år er redusert med ca 33 % . Dette er sjølvsagt dramatisk.

At kommunane som følgje av eit einstemmig Stortingsvedtak om pris på konsesjonskraft i 2002, oppnådde ein auka gevinst på denne ordninga, kan sjølvsagt ikkje brukast som argument for at eigedomsskatten skal reduserast no.  Det vil i så fall vera ei form for omkamp med Stortinget som vi tek sterk avstand frå.

Sidan Aurland kommune eig sit eige energiverk, har det ikkje vore aktuelt for Aurland Høgre å gå inn for påslag på konsesjonskrafta.  Vi meiner at  fordelen skal kome alle forbrukarane til gode gjennom ein rimeleg kraftpris.

Då denne saka er svært viktig for mange kommunar sin økonomi, samstundes som den ikkje rokkar ved staten sine finansar eller budsjettbalanse, vil vi be om at forslaget om å redusere minimumsverdien i eigedomsskattegrunnlaget vert avvist.

Aurland 04.11.03

Aurland Høgre, Monica Finden, Leiar  /  Johs. Dalsbotten, Kommunestyrerep.  

Tilbake til HØGRE si hovudside