- Fråsegn frå medlemsmøte 16/1 2001

Utvikling på Aurlandsvangen og nye bustadfelt

Kommunesentert må utviklast

Aurland Høgre er glad for at kommunestyret har vedteke å setja i gang arbeid med revisjon av reguleringsplanen på Aurlandsvangen. Høgre har etterlyst denne saka fleire gonger og me er glad for at det no har vorte tverrpolitisk semje om å ta opp att planarbeidet.

Det er svært viktig at det vert lagt til rette for å utvikla kommunesentert slik at det vert meir attraktivt og konkurransedyktig i høve andre handels- og servicesentra. Høgre går i mot at det vert vedteke byggje- og riveforbod medan planarbeidet pågår. Planlegging skal fremja utvikling, ikkje hindra nye prosjeket eller andre nødvendige tiltak. Det vil mellom anna vera svært uheldig å utsetja byggjearbeid som har vore planlagt i lang tid og som ikkje vil verta omfatta av reguleringsendringar.

Nye bustadfelt

Det er viktig at det snarast vert sett i gang arbeid med å regulera nye bustadfelt.

Ystebøen må regulerast fullt ut til bustadføremål i samsvar med grunneigaren sitt syn og bustadfelt. Dette feltet må byggjast ut først. I neste omgang må utbygging skje i Vinjaåsen knytt opp bustfeltet på Rygg.

Høgre vil å understreka at me no må sjå fleire år framover og gjera dei politiske vedtak som er nødvendige for å sikra ei god framtid for Aurlandssamfunnet.

Tilbake til HØGRE si hovudside