VASSBYGDI SKULE

Innlegg  av Monica Finden 17/10 i kommunestyret.

Høgre fekk ikkje fleirtal for sitt framlegg.  Fleire av dei som ville leggja ned skulen straks, røysta ikkje for Høgre sitt framlegg etter at deira eige forslag fall. I staden for å røysta for Høgre sitt framlegg, gjekk dei då inn for at skulen skal haldast oppe på ubestemt tid.

Innlegget med framlegg :

Negativ barnetalsutvikling og skrantande kommuneøkonomi er dei to hovudfaktorane som har aktualisert saka om nedlegging av Vassbygdi Skule. Kvifor er det slik at skule er noko av det første ein del politikarar vil kutte i når økonomien skrantar? Høgre meiner at det ikkje skal vere slik.

Vassbygdi skule har pr. i dag 7 elevar, og neste skuleår vil det vere 6 elevar. Dette er etter mi meining nok til å oppretthalde skulen det året. Skulesjefen har stilt seg spørjande til kor forsvarleg det er pedagogiske læringsmiljøet kan bli når elevtalet er så lågt som 4 elevar. Så lågt vert talet først skuleåret 2004-2005.

Dei foreldra som har ungane sine på Vassbygdi Skule legg i uttalar dei har gitt til skulekontoret bl.a. vekt på at ungane føler seg trygge på skulen der, lærarane har god tid til kvar einskild, at det er nært og svært godt samarbeid mellom heim og skule og at det pedagogisk er positivt med aldersblanding. Når lærarane har så god tid til kvar enkelt elev, vil det kunne gi seg utslag i mindre behov for spes.ped.timar. I tillegg kjem usikkerheit når det gjeld den rasfarlege skulevegen fram som eit viktig moment. Iflg. Skulekontoret har dei hatt møte med Statens Vegvesen vedr. vegen, og det kan sjå ut til at dei er positive til å gjere noko med den, men som alle veit så er slike ting noko som tek tid.

For nokre av foreldra var skulen ein av føresetnadane for å busetje seg i Vassbygdi.

Kommunestyret har vedteke nytt bustadfelt på Rognaldhaugen, og ein bør gi dette ein sjanse med ein nærliggande skule i alle fall 1 år. Dersom det kjem nye familiar til Vassbygdi i løpet av denne tida så kan barnetalsutviklinga fort snu, og dette vil i så fall gi betre grunnlag for å oppretthalde skulen. Dersom det ikkje skjer noko i forhold til auka barnetal, så har me ikkje gjort noko verre enn å oppretthalde eit godt tilbod til dei 6 elevane og foreldra deira.

Denne kostnaden vil vere begrensa til det enkelte skuleåret, og slik sett vil ikkje oppretthalding av Vassbygdi Skule for skuleåret 2003-2004 vere nokon langvarig kostnad for kommunen. Grenda, tomtefeltet og ungane er verdt at me gir skulen sjansen 1 år til.

Mitt framlegg er difor i hovudsak det same som eg la fram i Hovudutval for Undervisning og Barnehage 23.09.02:

Ut frå ei samla vurdering av pedagogiske omsyn, foreldreuttalar og utvikling av elevtalet vedtek kommunestyret å oppretthalde Vassbygdi Skule skuleåret 2003-2004. Dersom det ikkje har skjedd ei positiv utvikling i forhold til elevtalet til denne tid, vert skulen lagt ned inntil vidare frå og med skuleåret 2004-2005 då elevtalet vil vere nede i 4 elevar.

Krinsgrensene blir slik dei er i dag, både for å sikra dei som høyrer til krinsen høve til å koma med eigen uttale i aktuelle saker, og for å gjera det enklare å starte opp att skulen dersom barnetalsutviklinga gjer dette ynskjeleg.

Sak 053/02 VASSBYGDI SKULE- VURDERING AV NEDLEGGING

Tilråding til vedtak:

Ut frå ei samla vurdering av pedagogiske omsyn, foreldreuttalar og utvikling av elevtalet vedtek kommunestyret å oppretthalde Vassbygdi Skule skuleåret 2003-2004. Dersom det ikkje har skjedd ei positiv utvikling i forhold til elevtalet til denne tid, vert skulen lagt ned inntil vidare frå og med skuleåret 2004-2005 då elevtalet vil vere nede i 4 elevar.

Krinsgrensene blir slik dei er i dag, både for å sikra dei som høyrer til krinsen høve til å koma med eigen uttale i aktuelle saker, og for å gjera det enklare å starte opp att skulen dersom barnetalsutviklinga gjer dette ynskjeleg.

Aurland Høgre

Tilbake til HØGRE si hovudside