YTSTEBØEN II

Innlegg i kommunestyret 17/10 2002  Noralv Distad;

Det er svært gledeleg at det no ligg føre eit framlegg som sikrar at Ytsebøen vert utbygd.

Det er ei god løysing at feltet vert utbygd i privat regi  - og avtalen med kommunen synest å vera god for alle partar.

Høgre har vore ein pådrivar for nye sentrumsnære bustadområde. Dette er heilt nødvendig om me skal oppnå vekst og framgang i Aurland.

Denne saka kunne og  skulle ha vore løyst før, men no legg me til grunn at arbeidet vert sett i gang snarast.

Tomtekjøparane har venta lenge nok.

Aurland kommune må no setja ressursar inn på å neste bustadfelt.

Utviding av Rygg med Smiebakken bør no ha  høg prioritet.

Etter innlegget var det frisk replikkveksling med Ottar Steine Ap som var sår for at Høgre har kritisert at m.a. Ap ikkje var med på å finna ei løysing før.

Høgre har i alle samanhengar fremja ryddige framlegg i denne saka, og det er gledeleg at det no er full tilslutnad om utbygging i privat regi.

Aurland Høgre

Tilbake til HØGRE si hovudside