Ystebøen bustadfelt

Høgre har gått inn for ei løysing som sikrar rask framdrift og ei grei ordning mellom kommunen og den private utbyggjaren. Høgre fekk støtte frå Venstre og SV, medan Senterpartiet og Arbeiderpartiet gjekk i allianse om eit anna framlegg som gjer at saka må opp til ny handsaming.

Innlegg  i kommunestyret i juni ved Johannes Dalsbotten:

I økonomiplanen for perioden 2002-2005 heiter det:

”Aurland kommune vil med opning av Lærdalstunnelen bli oppfatta som ein attraktiv kommune å flytte til, og dette krev ein differensiert og offensiv bustadpolitikk. Tilrettelegging for bustadbygging skal framleis vere ei høg prioritert kommunal oppgåve. Det kan likevel vere vanskeleg å sikre rett balanse mellom tilbod og etterspurnad, dersom kommunen skal vera einaste aktør. For bustadmarknaden ikkje skal bli avhengig av kommunen sine prioriteringar av ulike tenestetilbod bør det skje ein arbeidsdeling.” 

Det er ingen tvil om at kommunen gjennom planarbeid også i framtida må ha tilrettelegging av bustadområder som ei prioritert oppgåve. Det er likevel eit spørsmål om det er like sjølvsagt at kommunen i framtida skal stå for heile utbygginga aleine. Det initiativ som er gjort frå privat utbyggjar her, er etter Høgre sitt syn eit glimrande døme på korleis arbeidsdeling mellom kommune og private kan gjerast.

Kommunen har pr i dag tilnærma monopol i sal av byggjeklare tomter i bustadfelt i kommunen. Kostnader til  administrasjon, utbygging og kapitalkostnader vert i dag ikkje inndekt gjennom tomteprisane. Etter vårt syn bør alle slike kostnader synleggjerast og reknast inn i tomteprisane for framtida. Dersom prisane vert høgare enn kommunestyret ynskjer og/eller marknaden vil betale, kan eventuelle reduksjonar synleggjerast gjennom tilskot frå kommunen. Kommunen kan då vurdere å operere med same tilskot overfor privat utbyggjar i eit område som ein gir seg sjølv i eit kommunalt byggjefelt.

At vi no får eit privat byggefelt sentrumsnært i Aurland bør alle sjå positivt på. Utbyggjar har sidan 1999 jobba fram planar for eit relativt stort byggjefelt. Framdrifta viser at det her har vore jobba effektivt og målbevist. Feltet vil gjennomgående bestå av forholdsvis store tomter, noko som truleg vil gjera dei meir attraktive for kjøparane - jmf. kommunalt felt i Vetlelid der det har vist seg  vanskeleg å selja mindre tomter. Dersom ein ser kva andre kommunar legg vekt på, når dei markedsfører tomtene sine, er det nettopp store sentrumsnære tomter som går att.

Ut frå kostnadsoverslag utarbeida av Interconsult vil den samla kostnaden ved opparbeiding av VVA-anlegget for heile feltet vere kr 4.481.000.-.  Dersom ein deler dette på 21 tomter, vil utbyggingskostnaden pr tomt bli på kr 213.400,-. Dette viser at bidraget frå kommunen ikkje vil dekke meir enn i underkant av halve utbyggingskostnaden.

Den størte gevinsten for utbyggjar vil vere at han vil få ei grunnfinansiering (forskottering) på VVA-anlegget. Det vil medføre at heile anlegget kan byggjast ut under eitt, ein vil få kortare anleggsperiode, og tomtekjøparane vil raskare komme i gang med byggjeprosjekta sine.  

I følge sakstilfanget er det tenkt at kommunen skal overta anlegget etter ferdigstilling. 

Dersom ein i staden går inn for at kommunen skal stå som byggherre for anlegget, og utbyggjar yter eit anleggsbidrag tilsvarande differansen mellom den totale utbyggingskostnaden og det kommunale tilskotet, vil ein sikra at anlegget vert utført etter kommunal standard, og at det ikkje vert betalt ut meir tilskot enn det er utført arbeid for.

Tilrettelegging av nye bustadfelt har vore ei prioritert oppgåve i alle politiske parti i lang tid. Kor stor den kommunale subsidieringa har vore i dei ulike bustadfelta, har i minst like lang tid vore gjenstand for stort engasjement i bygda. Når vi får sjansen til å ta del i eit prosjekt der det er gitt på førehand kor stort det kommunale bidraget skal vera, meiner vi kommunen bør gripe sjansen. 

Vi vil derfor komme med følgjande framlegg:

Kommunestyret vedtek at Aurland kommune står som byggherre ved utbygging av veg-, vatn, og avløpsanlegg på Ystebøen bustadfelt.

Kommunen sin økonomiske deltaking er avgrensa til kr 100.000,- pr tomt, totalt kr 2.100.000,- for 21 tomter.

Kostnader ut over kr 2.100.000,- skal dekkast av utbyggar i form av anleggsbidrag.

Det er ein føresetnad at tomteprisen vert mellom kr 250.000,- og kr 290.000,- avhengig av storleik

Samtlege 21 tomter skal klargjerast samstudens med omsyn til veg-, vatn- og avløpsanlegg

Tilbake til HØGRE si hovudside