Aurland Høgre

Aurland Høgre si valliste

Kommunevalprogram
2003-2007 for Aurland Høgre

1.    Høgre sitt grunnsyn - Visjon for Aurland

Høgre vil føra ein konservativ framstegspolitikk, bygd på det kristne kulturgrunnlaget, rettsstaten og folkestyret for å fremja personleg fridom og sosialt ansvar, medråderett og eigedomsrett og eit forpliktande nasjonalt og internasjonalt samarbeid.

       Visjon for Aurland

Høgre ser for seg at Aurland innan kort tid vert ein kommune med eit sterkare næringsliv som grunnlag for fleire arbeidsplassar, auka folketal og det beste innan privat og offentleg service til rimelege prisar.

Aurland skal vera ein kommune som er kjend i Norge og internasjonalt på ein positiv måte. 

2.    Hovudsaker for Høgre i perioden 2003 - 2007

  • Arbeida for ein god skule og gode oppvekstvilkår for born og unge
  • Leggja til rette for vekst i næringslivet og stimulera til nyetableringar
  • Meir for pengane - effektiv bruk av dei kommunale midlane

3.    Kommunale oppgåver

Kommunen skal gjera det viktigaste først: yta tenester innan utdanning, helse, eldreomsorg og tryggleik og
valfridom for barnefamiliane. Innbyggjarane i Aurland skal ha eit best muleg tenestetilbod.
Kommunen skal difor på alle tenesteområde ha klart formulerte serviceerklæringar.
For Høgre er det viktig at arbeidet vert utført på ein god måte, ikkje kven som gjer det. Høgre vil
modernisera kommunen og sikra kvalitet gjennom konkurranse. Det som ikkje er typiske kommunale oppgåver, må i alle høve utførast i privat regi.

4.    Helse- og sosialpolitikk – eldreomsorg

Høgre vil satsa på effektiv og målretta ressursbruk innan helse- og sosialtenestene i samsvar med den trong som er i kommunen til ei kvar tid. Me vil at det skal vera god tilgang til dei tenestene som folk treng. Mest muleg av ressursane i helsestellet skal brukast på pasientane og ikkje til administrasjon.                                                                          

        Helsetenestene  skal vera av beste kvalitet, og dei eldre skal ha rett til ein verdig alderdom.   

        Høgre vil arbeida for:

  • tiltak slik at eldre og uføre skal kunna bu heime i eigen bustad så lenge som råd er og så lenge som dei sjølve ønskjer det
  • at Lærdal sjukehus vert oppretthalde som fullverdig lokalsjukehus med minst same tenestetilbod som i dag
  • nødvendige ressursar til førebyggjande tiltak i barnevernet og mot rusmisbruk
  • å leggja forholda til rette for verna arbeidsplassar
  • å styrkja det psykiske helsevernet
  • gode rehabiliteringstilbod
  • at ambulansetenesta ikkje vert svekka

5.    Skule og barnehagar

Høgre vil arbeida for ein kvalitetsskule der elevane tileignar seg gode faglege kunnskapar, sosial dugleik og utviklar lyst og evne til å ta utfordringar.

Høgre vil :

  • at undervisninga i basisfag er proritert i høve til andre fag
  • når elevtalet vert for lågt, vurdera mellombels å flytta mellomtrinnet på dei minste grendaskulane til Aurland eller Flåm, men behalda småskuletrinnet og barnehagetilbodet der det er forsvarleg. Det kan bli aktuelt å leggja ned skular som ikkje har elevgrunnlag for vidare drift.
  • framleis stø Sogn Jord- og Hagebruksskule i arbeidet med å vidareutvikla seg som eit landsdekkjande skule- og utviklingssenter for økologisk landbruk
  • stø initiativet frå Sogn Jord- og hagebruksskule om eit tilbod i grunnkurs i allmennfagleg studieretning, slik at elevane det første året etter ungdomsskulen slepp pendal eller bu borte frå heimen
  • arbeida for eit regionalt samarbeid om lærlingekontraktar innan ulike fag, jfr. den lærlingeordninga energiverka i Indre Sogn har fått i stand
  • arbeida for at det skal vera mogleg for ungdom frå Aurland å velja om dei vil gå på vidaregåande skule i eige fylke eller i Hordaland
  • gå inn for at at den enkelte skulen skal få større fridom og ansvar med omsyn til å utvikla nye organisasjonsformer og pedagogiske metodar for å få meir effekt av midlane

Barnehagedekninga i Aurland er god. Det er difor ikkje aktuelt no med vidare utbygging i kommunal regi.

6.    Ungdommen - bygda si framtid

Høgre vil leggja til rette for at Aurland skal vera ein attraktiv stad for ungdom. Dette gjeld for dei som alt bur i kommunen og for dei som kan tenkja seg å flytta hit. Det er viktig at kommunen har god kontakt med utflytte ungdomar og informerer både om kommunalt tenestetilbod og støtte til etablering av eigne arbeidsplasar.

Kommunen bør gjennomføra undersøkingar blant ungdom i aldersgruppa 18 - 25 år om dei ønskjer å flytta heim, kva dei ønskjer å driva med og kva dei forventar seg av tilbod.

Ungdomen er ein viktig ressurs som må få vera med på å utforma lokalsamfunnet både med fritidstilbod, tenestetilbod og arbeidsplassar. 

7.    Kommuneøkonomi, kommunal tenesteproduksjon og arbeidsplassar

Aurland kommune har i dag driftsutgifter som er større enn inntektene. Det er difor heilt nødvendig å redusera kostnadene og driva meir effektivt slik at me får meir att for pengane.

For å sikre høg kvalitet på område med offentleg ansvar, vil Høgre at det skal vera konkurranse om kven som til ei kvar tid skal utføra oppgåvene. Lokale tilbydarar skal prioriterast under elles like vilkår.

Konkurranse opnar nye mulegheiter for kommunalt tilsette. Samstundes inneber det nye krav.

Bruk av konkurranse gjev fordelar for kommunen sjølv om kommunal drift vert resultatet. Ved å samanlikna effektivitet kommunar imellom og mellom kommunar og private, får både kommunen som arbeidsgjevar og arbeidstakarane vita meir om kva kvalitet tenestene har og kor effektiv eigen organisasjon er samanlikna med andre.

Høgre vil at betaling for kommunale tenester skal knytast direkte til den enkelte tenesta, og fakturaen skal visa den ytinga me får, mellom anna når det gjeld vatn-, kloakk- og renovasjonsordningar. Dette vil sikra at prisen vert så låg som muleg og at prisen ikkje overstig tenesta sin reelle kostnad.

Når det gjeld andre gebyr og avgifter, skal prisen vera i samsvar med den faktiske tidsbruken til sakshandsamaren. Høgre vil at tidsbruken på behandling av saker i kommunen skal verta kortare. Saker skal som regel verta behandla på første møtet til det aktuelle utvalet etter at saka har kome til kommunen. Saker der administrasjonen tek avgjerd, bør vera avslutta innan 14 dagar.

Det er viktig med betre oppfylgjing av prosjekt i kommunen og interkommunalt. ÅLAV-samarbeidet må gje synleg økonomisk vinst.

Tiltak som vert planlagde skal alltid ha eit oversyn over alle kostnadene. Det er uheldig at visse kostnader først vert gjort kjent etter at prosjektet er starta opp.

Kommunen må verta meir kritisk til bruk av fond slik at ein til dømes ikkje nyttar konsesjonsavgiftsfondet til andre ting enn det som er nedfelt i regelverket eller til å dekka driftsunderskot.

Høgre vil:

·    at kommunal saksbehandling skal vera rettferdig, nøytral og basert på fakta

·    at kommunen utviklar moderne informasjonssystem og vert meir open mot innbyggjarane. All offentleg informasjon skal vera tilgjengeleg på internett

·    at kommunen opptrer korrekt i forhold til innbyggjarane og går fram på rett måte i saker som til dømes vedkjem eigedomsinteresser

·    gjennomgå all offentleg tenesteproduksjon for å kartleggja kvar konkurranse kan medverka til høgare kvalitet, betre ressursbruk og auka valfridom for den enkelte

·    at kommunen ikkje skal påføra kundane auka straumpris ved større påslag på konsesjonskraftprisen

·    vurdera å seia opp avtalen med SIMAS og innhenta tilbod på avfallshandtering

·    at kommunen skal unngå engasjement i privat forretningsdrift                                                            

·    at det skal vera lettare å samanlikna kvalitet og effektivitet i eigen kommune med andre kommunar og private.  Det må arbeidast særleg aktivt for å finne gode samanlikningsgrunnlag og mål for forbetring der kommunen har monopol på tenestene

·    i størst muleg grad skilja forvaltnings- og driftsoppgåver slik at private og offentlege leverandører kan konkurrera på like vilkår

·    styrkja  og betra  arbeidsgjevarrolla slik at kommunen aktivt kan utvikla og halda på dugande medarbeidarar

·    at talet på kommunalt tilsette i administrative stillingar vert redusert 

8.    Næringsliv

Eit lønsamt, konkurransedyktig og variert næringsliv er grunnlaget for ei god utvikling i kommunen vår. Høgre vil gje næringslivet best mulege arbeidsvilkår slik at me både sikrar eksisterande og legg tilhøva til rette for nye og varige arbeidsplassar. 

Omstilling og tilrettelegging for lokal foredling og alternativ drift innanfor jordbruket skal vera eit satsingsområde til dømes i samarbeid med reiselivet.

Det er viktig at vernetiltak kan kombinerast med næringsdrift og at det vert lagt til rette for at naturressursane kan utnyttast av grunneigarane.

Lån og tilskot frå konsesjonsavgiftsfondet er  eit av dei viktigaste verkemidla i det kommunale tiltaksarbeidet og skal nyttast til infrastruktur/fellestiltak for næringsutvikling og til å fremja vekst og verdiskaping i det private næringslivet. Alle delar av næringslivet skal nyta godt av midlar frå fondet. Men fondet skal ikkje brukast til å subsidiera drift eller slik at einskildføretak får konkurranseføremon.

Høgre meiner at lån og tilskot skal fylgja prosjekt og ikkje person eller firma. Til mindre  prosjekt kan tilskotsprosenten vurderast i kvar einskild sak. Det same gjeld for etablerartilskot.

Høgre vil sjå positivt på at næringslivet organiserer felles-/alternative ordningar innafor til dømes avfallshandtering og energiøkonomisering.

Næringsdrivande i Aurland skal alltid få høve til å gje tilbod på tenester og leveransar til kommunen. Høgre vil avvikla den noverande ordninga med felles innkjøpsavtale i Sogn. Denne ordninga svekker det lokale næringslivet og dermed inntektsgrunnlaget til kommunen.

Det må koma aktivitet i næringsbygga. Høgre ser det som mest tenleg at private eig desse bygga fordi dei vil vera meir interesserte i å skaffa aktivitet og leigeinntekter. Ledige lokale som eventuelt vert att i kommunal eige må lysast ut både lokalt og i landsdekkande media.

Kommunen må driva eit aktivt informasjonsarbeid og yta god service til næringsliv og etablerarar.

For å fremja næringsutviklinga vil Høgre ta initiativ til etablering av næringshage.

9.    Reiseliv

Reiseliv  med overnatting, servering, handel og transport er den største næringa i privat sektor i Aurland.

Reiselivsnæringa har eit stort vekstpotensiale og skal difor ha høg prioritet.

Kommunen må arbeida nærare saman med dei etablerte bedriftene for å utvikla strategiske planar og fellestiltak som kan fremja investeringar og vekst. Det skal vera eit overordna mål å arbeida for sesongforlenging og betre grunnlag for heilårsdrift i fleire bedrifter.

Høgre vil arbeida for at:

·    Reiselivslaget får handlekraft som hovudansvarleg for felles sal, marknadsføring, informasjon og produktutvikling. Aurland skal styrkja sin posisjon som reiselivssenter i regionen

·    tiltak som hevar kvalitet, kompetanse og service får prioritet

·    nasjonal turistveg over Aurlandsfjellet til Lærdal vert realisert i perioden

·    det kan byggjast både større anlegg og småskala verksemder. Føresetnaden må vera solid eigenkapital og vilje til stor eigeninnsats. Det må opnast for tilførsel av kompetanse og kapital utanfrå for å fremja næringa.

·    best mulege tog-, buss- og båtruter i alle sesongar

·    Nærøyfjorden får plass på UNESCO si verdsarvliste

·    kommunen sel aksjane i Aurland Ressursutvikling når det vert oppnådd ein god pris slik at private kan overta drifta. Ved sal av aksjane får konsesjonsavgiftsfondet meir frie midlar til andre engasjement.

·    kommunale kultur- og aktivitetstilbod i større grad vert tilgjengelege for turistar

10.    Aurland sentrum

Høgre vil arbeida for at Aurlandsvangen vert vidareutvikla som kommune- og handelssenter og vert meir konkurransedyktig med sentra utanom kommunen. Det er viktig å vera open for nye tiltak og endringar samtidig som ein tek  vare på særpreget til Aurlandsvangen.

11.    Bustadbygging

Høgre vil leggja stor vekt på at det heile tida skal vera attraktive tomter tilgjengeleg. Det må verta større vilje til å innleia forhandlingar om å ta i bruk sentrumsnære areal til bustader. Tilskot til spreidd bustadbygging bør oppretthaldast. Ordninga må og omfatta private byggjefelt.

Kommunen må straks setja i gang sal av eigne hus og avgrensa den kommunale bustadmassen til eit minimum.

Inntektene frå salet kan nyttast til å byggja ut nye og tidhøvelege gjennomgangsbustader.

12.    Kyrkje - kultur – idrett – frivillig  arbeid

Høgre vil arbeida for at:

·    kyrkja skal ha ein sentral plass i kommunen vår

·    kyrkjene og kyrkjegardane vert haldne godt ved like

·    stiar, ferdselsvegar og bruer i utmarksområda vert haldne ved like

·    Sogelaget har gode arbeidsvilkår og at viktige kulturminne vert tekne vare på

·    song- og musikklag, idrettslag, skyttarlag, humanitære organisasjonar og andre lag må få gode arbeidsvilkår. Når det gjeld kommunal støtte, vil Høgre prioritera ungdomsarbeid og lag med stor eigeninnsats. Foreldra må trekkjast meir inn i ungdomsarbeidet.

·    kommunen må vera varsam med store prosjekt i eigen regi, men heller søkja samarbeid med  

dei friviljuge organisasjonane. Det bør etablerast eit kulturnett med internettilknyting. Dette må og femna om sogearbeid og knytast opp til reiselivet.

·    det vert laga ein handlingsplan for idrett der aktuelle investeringstiltak vert utgreidde.

·    det vert lagt til rette for internettkafear med tilbod til både ungdom og vaksne

·    ungdommane vert stimulerte til sjølve å realisera fleire haldnings- og trivselsskapande tiltak i kommunen 

13.    Jakt - fiske - friluftsliv

 Høgre vil arbeida for at:

·    bygdefolket skal behalda rettane til jakt og fiske

·    lakse- og aurebestandane i elvane vert sikra

·    det ikkje vert innført nye restriksjonar på ferdsle i utmarksområda. Det må koma eit tilbod om faste løyper for køyring med snøscooter

·    det vert lagt til rette for meir hyttebygging i kommunen.  

14.    Samferdsle

Høgre vil arbeida for at:

·    heilårstilbodet på Flåmsbana og fjorden vert halde oppe.

·    vare-og passasjertransport for dei veglause grendene mellom anna i tilknyting til heilårsruta Flåm- Aurland – Gudvangen vert halde oppe

·    Rv 50 skal vera heilårsveg med betra standard

·    Aurlandsvegen vert opna tidleg i mai

·    trafikktryggleikstiltak i kommunen vert prioritert

·    dei kommunale vegane vert haldne godt ved like og utbetra når det er trong for det

·    busstilbodet vert best muleg med tilbod morgon og ettermiddag til dei vidaregåande skulane

·    avkøyringa frå E 16 i Flåm vert betra med eige felt når ein kjem frå Flenjatunnelen

·    skilting og informasjon er best muleg slik at tilbod vert gjort kjent og turistane finn fra

15.     Verneplanar – lokalt ansvar og styring

Høgre vil arbeida for at det vert vist respekt for eigedomsrett og etablerte nærings- og fritidsaktivitetar i utmarksområda i kommunen. Tradisjonelle næringar må kunna utøvast i alle delar av kommunen.

Høgre går inn for at tidlegare vedtekne planar, til dømes Fjellbruksplanen og andre arealplanar, om nødvendig vert behandla på nytt slik at planane er meir eigna til å kunna utnytta  det lokale ressursgrunnlaget. Kommunen må hjelpa til der det trengst for å mjuka opp opp og justera vedtekne arealplanar. Planane må verta meir tidsrette og ta omsyn til både grunneigarinteresser og offentlege interesser.

Vernereglar må ikkje vera for strenge. Kommunen og grunneigarane sjølve bør få eit størst mogleg forvaltningsansvar. Kommunen må sjølv overlata mykje ansvar i slike saker til grunneigarar og brukarorganisasjonar.

Den såkalla 0-konsesjonen i kommunen bør takast bort. Det er betre at hus og eigedomar vert selde og haldne ved like enn at dei blir ståande tomme. Det må og vera muleg å endra status frå heilårsbustad til fritidseigedom. Me fremjar ikkje busetnaden i kommunen med tvang.

Høgre vil og at handheving av bu- og driveplikta for mindre jordbrukseigedomar skal basera seg på skjønn. Regelverket må ikkje verta for stivbeint. 

16.    Krav til fylke og stat  -  interkommunalt samarbeid

Høgre ser det som heilt uaktuelt å slå Aurland saman med andre kommunar.

Aurland har eit godt ressursgrunnlag og vil arbeida for at stat, fylke og interkommunale organisasjonar ikkje svekker råderetten over ressursane og dermed evna til lokal utvikling.

 Høgre ser det likevel som aktuelt å delta i samarbeid med andre for å løysa einskilde oppgåver på ein betre og rimelegare måte for innbyggjarane. Men samarbeidet må heile tida evaluerast for å kontrollera at det er ein vinst å henta i vidare samarbeid. Interkommunale tenester må og kunna lokaliserast til Aurland.

Høgre vil sjå med største skepsis på framlegg om å leggja ned eller flytta offentlege funksjonar ut av kommunen. Den økonomiske vinsten av slike tiltak er ofte liten eller fråverande, medan konsekvensane for publikum er svært negative. Lensmannsetaten må vera bemanna slik at polititenestemenn alltid er på vakt ved stasjon i Aurland.

  

Aurland Høgre er klar til å ta leiaransvar for forandring og utvikling. For å få dette til må Høgre ha fleire representantar i kommunestyret.

 Røyst Høgre

- eit godt val for Aurlandsbygdene !

SISTE NYTT
FRÅ AURLAND
HØGRE:

Liste til kommunevalet
2007
Melding frå
kommunestyregruppa
2006
Melding frå
kommunestyregruppa
2005
Kommunestyret
desember 2004
Fire nye år
2004 rapport frå kommunestyregruppa
Høgres landsmøte
2004
Årsmelding 2003
Årsmøtereferat 2003
Statsbudsjettet 2004
Valprogram
2003 - 2007
Høgre si valliste ved
kommunestyrevalet
Skuleutbygging, briband og vern
Næringspolitikk
Høgreliste-2003
Kommentar 2002
kommunestyregruppa
Budsjett 2003 
v/ Monica Finden
Lærdal sjukehus
Budsjett - straumpris
Budsjett 2003
Kontrollutvalet
Vassbygdi skule
Biblioteket III
Flyktningar
Ystebøen II
Biblioteket II
Aurlandsvangen
Ystebøen bustadfelt
Utbygging ABU
Badelagune
Årsmelding 2001
Næringsarbeidet må styrkjast
Meir effektiv offentleg sektor
Årsrapport frå Høgre
si kommunestyre-gruppe
RV 50
Sogn Jord og hage-
bruksskule
Budsjett 2002
Simas
Anorthositt
Me treng ei ny regjering med eit sterkt Høgre
Tre viktige Høgre-framlegg fekk fleirtal i kommunstyret
Lågare skattar og avgifter er god distriktspolitikk
Årsmelding 2000
Politisk eittårsrekneskap frå kommune-
styregruppa
Situasjonen i helse- og sosialsektoren
Utvikling på Aurlandsvangen og nye bustadfelt - fråsegn frå medlemsmøte
Budsjett 2001
Innlegg i kommune-
styret