Budsjett/økonomiplan 2002 – Innlegg i kommunestyret ved Johannes Dalsbotten 

Det er ingen tvil om at Aurland står framføre store utfordringar dei næraste åra. Likevel er det slik at Aurland kommune er i ein særstilling nesten same kva anna kommune ein samanliknar seg med. Her har vi til dels svært høge inntekter pr innbyggjar, men vi er og ”flinke” til å bruka pengar.  Driftsutgifter pr innbyggar er 175 % i høve til resten av fylket og 188 % i høve til resten av landet.  Det er sjølvsagt ikkje så enkelt at ein kan dra nokon bastant konklusjon ut frå desse tala, men dersom ein går litt meir inn i bakgrunnsmateriellet vil ein sjå at Aurland stort sett på alle området  har til dels store meirkostnadar i høve til verden rundt oss.  Det eg meiner å seie er med andre ord at det ikkje er nokon grunn til å krisemaksimere sjølv om ein no må stramme livreima nokre hakk.  Det bør tvert i mot vere overkommeleg å gjennomføre dei kostnadskutta som det er lagt opp i økonomiplanen, og samstundes vidareutvikle  kjerneområda skule og helse med best mogeleg kvalitet.

Aurland kommune vil framleis ha eit inntektsgrunnlag som er så bra at me kan yta svært godt tenester, og føreta nødvendige nyinvesteringar. Utfordringa er å frigjera midlar i drifta.

Likviditetssituasjonen til kommunen har utvikla seg slik at større investeringar no må finansierast med nye låneopptak. Då inntektssida er tilnærma konstant, vil finansieringsutgiftene måtte dekkast gjennom innsparingar i driftsutgifter.  Dette er ein føresetnad for at ikkje den økonomiske situasjonen til kommunen skal bli forverra. 

Det vil difor i framtida måtte stillast strengare krav til at framtidige driftsutgifter blir lagt inn i saksutgreiingar ved investeringsprosjekt. 

Utviklingstrekka i Aurland har over tid vist nedgang i folketal og svekka privat sektor.  Store bedrifter har redusert arbeidstokken sin med opp mot 50 %. Samstundes har offentleg verksemd vakse kraftig.  Dei siste 10-15 åra har vi hatt ei ”overføring” frå privat til offentleg sektor på i underkant av 100 årsverk.  Med den inntektsutviklinga som kommunen står over for, vil det vere nødvendig at ein no freistar snu denne trenden, og det vil i den samanheng vere avgjerande at kommunen framleis har eit sterkt engasjement for næringsutvikling og tilrettelegging av infrastruktur.  Framgang i kommunen er heilt avhengig av vekst i privat sektor.

Det er ikkje berre uheldig, men direkte uansvarleg å byggja ein mur mellom den kommunale verksemda og resten av lokalsamfunnet.  Me spring frå ansvaret om me skjermar eigne aktivitetar og kuttar tiltak som støttar og gjev gode rammevilkår for vekst i privat sektor.

Framlegg om å kutta næringstilskot og tilskot til bustadutbygging gjev heilt feil signal til innbyggjarane og næringslivet.

Tilbake til HØGRE si hovudside