Me treng ei ny regjering med eit sterkt Høgre

Av: Noralv Distad, leiar Aurland Høgre

Eit klart fleirtal ynskjer ei ny regjering. Denne regjeringa må ha sterk forankring i Stortinget og gjennomføra det veljarane ønskjer: Forandring. Dette krev eit sterkt Høgre som torer å gripa tak i viktige utfordringar.

Det er heilt nødvendig å satsa meir på viktige område som skule og vegar.

Samtidig må me vera viljuge til å gjera endringar for meir effektiv offentleg drift og dermed reduserte utgifter. Byråkratiet er generelt for stort og det er unødvendig med tre forvaltningsnivå. Staten og kommunane kan løysa dei oppgåvene som i dag ligg på fylkesnivået. Me må straks bryta utviklinga med å overføra meir og meir pengar og makt frå innbyggjarane til det offentlege. Det offentlege disponerer meir enn nok til å kunna vidareutvikla velferdstilboda. Difor kan me og seia klart frå om at det er rom for skatte- og avgiftslette. Dette er ikkje minst viktig for distrikta som har dei største kostnadene i alle næringar. Og ikkje minst er det viktig å gje innbyggjarane den tillit dei har krav på som gode forvaltarar av eigne inntekter. Og i Sogn og Fjordane har Høgre framifrå kandidatar: Sverre Hoddevik som i neste periode må vera aktuell til samferdsle- eller næringskomite og på den neste plassen veteranen Mathias Råheim.

Tilbake til HØGRE si hovudside