Fråsegn vedteken på årsmøtet 2001:

Lågare skattar og avgifter er god distriktspolitikk

Både person- og bedriftsskatten er i dag så høg at det svekkar evnen og viljen til satsa i distrikta. Auka avgifter og endra avskrivingsreglar forsterkar dei negative verknadene.

Det er distrikt med spreidd busetnad og stor avstand til marknaden som vert sterkast råka av at rammevilkåra for enkeltpersonar og bedrifter vert endra i negativ lei.

Det er difor nødvendig med ei klar kursendring i skatte- og avgiftspolitikken slik at det igjen vert lønsamt å investera og gjera ein ekstra innsats.

Det offentlege kan frigjera ressursar ved å forenkla eiga verksemd, redusera byråkratiet og bruka midlane meir effektivt.

Dette kan og skaffa midlar til auka satsing på samferdsle som er eit anna nødvendig tiltak for vekst i distrikta.

Desse endringane i politikken kan berre skje om me etter valet får ei ny borgarleg regjering der Høgre er med.

Tilbake til HØGRE si hovudside