Tre viktige Høgre-framlegg fekk fleirtal i kommunstyret

På møtet i kommunestyret 14, juni 2001 fekk Høgre fleirtal for fylgjande:

  1. Aurland kommunestyre prioriterer Ystebøen og utviding av Ryggfeltet med Smiebakken som nye bustadfelt.

    Område nord for Vetleli kan takast i bruk dersom det er rasfare i Vinjaåsen eller utbyggingskostnadene vert svært høge.

    Vedteke med Høgre sine 4 stemmer + Venstre (1) + 4 frå Ap og 3 frå Sp.

    Mindretalet røysta mot å prioritera uybyggingsområda og mot framlegget om reserveareal.

  2. Aurland kommunestyre vedtek at området ved gamle Flåm stasjon og suvenirbutikken i den tidlegare S-lag filialen skal nyttast i hovudsak som i dag - for å sikra parkering m.a. til Fretheim hotell, bussar i samband med cruisetrafikken og avviklinga av sykkeltrafikken. Området skal ha grøntsoner.

    Vedteke med Høgre sine 4 stemmer + 4 frå Ap + Sv (2)+ 1 frå Sp.

    Mindretalet røysta for at området skal vera friareal.

  3. Aurland kommunestyre vil granska om det er grunnlag for å krevja pengar tilbake frå konsulent som har vore engasjert som helse- og sosialsjef. Bakgrunnen er sterk kritikk frå fagutvalet.

Vedteke samrøystes!

Dette viser at det nyttar å stå på i viktige saker. Har me eit godt og underbygt standpunkt, vinn me fram til slutt.

Det er og bra at kommunestyret klart viser at me må gå pengebruken etter i saumane og kontrollera at me får noko att for dei store summane kommunen legg ut.

Tilbake til HØGRE si hovudside