Opning av Aurlandshallen

Det var fullt hus og stormande jubel då Aurlandshallen vart opna onsdag 18. mars 2009.
Gratulantar frå fjern og nær i skjønn harmoni med bygdefolket.
Hallen var imponerande både i storleik og utføring, og vel verdt eit besøk både av
ihuga idrettsfolk og trimmarar, eller som tilskodarar på eit eller anna arrangement.