BERGTEKEN
Her er ein del bilete frå
den fantastiske framsyninga om huldrefolket.
Bileta kan du gjere større ved å klikke på dei.
Litt bakgrunnsstoff finn du lengst ned på sida.
Me
er langt attende i tida, - ei tid då folk levde langt meir nær naturen enn me
gjer i dag.
Dette
gjorde at folk opplevde merkelege ting, høyrde felemusikk, men såg ingen
spelemann. Såg
vakre ungjenter, som i neste augneblink var vekke. - Høyrde gråt eller latter
frå haugar og hamrar.
Dei meinte at alle desse merkelege opplevingane hadde med dei underjordiske å gjera. For Hintfolket, Huldrefolket, også kalla Bergfolket, var over alt. Særleg var huldrene aktive på stølane. Både Lintu i Frondalen og Seltuft i Fretheimsdalen skulle vera ekte huldrestølar, vert det sagt.
Huldrejentene
skulle vera uvanleg vakre, og ville gjerne gifta seg med staute bygdegutar.
Huldregutane derimot var mindre fine, men lokka jentene med stor rikdom, gull og
sølv.
Dette
var ei tid då få kunne lesa eller skriva - difor vart opplevingane og
historiane så mystiske, - og vart fortalt med stor age frå generasjon til
generasjon.
I
skumringstimen då mørkret seig på, samla folk seg rundt eldstaden i stova og
fortalde om sine merkelege opplevingar.
Særleg
likte folk å høyra huldrehistoriar, og elles alt som hadde med bergfolket å
gjera.
Historien
om ho Friar-Brita Fretheim somvart bergteken og skulle leve i Ryggvellehaug i
Fretheimsdalen, vart fortalt i århundre i mange versjonar. - Ja, endå opp til
våre dagar.
MEDVERKANDE:
Brita
Åsne Bruvik Lie
og Maria
Engebretsen
Knut
Eirik Gilje
Mora
Linda Hatlem
Faster
Elisabeth Grymyr
Budeie
Elise Skjerdal
Ola
Aleksander Stokkereit
Spelemann
Hege Loven
Hulder
Lillian Gudvangen
Huldrekall
Marius Moldvær
Huldrekonge
Gunnar Roti
Forteljar
Magne
Bjørnestad
Elevar
ved Aurland komm. Musikkskule
Elevar
ved Aurland barne- og ungdomsskule
Elevar
ved Skjerping skule
Kulissar,
vatn/lyd Skjerping skule
hjelp
til bakteppe Undredal skule
sidedekorasjonar Vassbygdi skule
steinar Flåm skule
sel/kyrkje
Aurland barne- og
ungdomsskule
Aurland
spelemannslag
Flåm
musikklag
dir. Tom Karlsrud
Aurland
songlag
dir. Vano Sarajishvili
Musikk
Tom
Karlsrud
Kulissar/kostyme-ansvar
Frøydis Lunde
Lyseffektar
Asbjørn
Våge
Manus/instruksjon/regi
Tone
Stangeland