"Gode grannar"


Vassbygdi ungdomslag viste skodespelet "Gode grannar" av Sverre Bøtun.
Dei viste at det er liv i bygdelaga i kommunen vår. Skodespelarkunsten var
stor, og publikum sette stor pris på denne morosame kveldsstunda.
To forestillingar med fulle hus, bileta er utan kommentar, men eg reknar med
at de dreg kjensel på skodespelarane og støtteapparatet.