JENTESLEPPET 2001

Omlag 50 "huldre" var samla til "huldretreff" i Aurlandsdalen jonsokhelga.

101-0150_IMG.jpg (22785 byte) 101-0151_IMG.jpg (23757 byte) 101-0144_IMG.jpg (21935 byte) 101-0141_IMG.jpg (26348 byte) 101-0148_IMG.jpg (27573 byte)
Siri Wølneberg Gøril Tveiten
spela på fela si
Huldrene samla
i Aurdalen
101-0143_IMG.jpg (15423 byte) 101-0145_IMG.jpg (13207 byte) 101-0142_IMG.jpg (26393 byte)
Marta Eldegard Jonsokbålet lyste
godt opp i dalen
Huldrekallen
Kåre Sønnerheim
Det var ca 50 huldrer og det var eit kjempeflott opplegg har me fått tilbakemeldingar om.
Fredagskvelden var det festmiddag på Østerbø Turisthytte.
Marta Eldegard fortalde om då ho såg huldra på stølen oppi Skjerdal.
Huldrekallen som var med oss,  Kåre Sønnerheim fortalde om Aurlandsdalen.
Siri Wølneberg hadde  framførte huldredans og fin hyllest til huldra.
Litt uti bordseta fekk me besøk av ei "hulder", og denne snakka varmt
for "føden" på Fylkessjukehuset i Lærdal.
Rundt middnatt vart det fakkeltog rundt  på Østerbø,
og til slutt enda me opp nede ved vatnet til eit stort jonsokbål.
Så huldrene nytta natta godt ut frammi dalen. 
Laurdagsmorgonen la huldrene i veg nedover dalen.  
I Vetlahelvete var det konsert og huldredans. 
Siri Wølneberg  var huldra som dansa på  flåten i Vetlahelvete,
og Gøril Tveiten spelte fela, itillegg hadde ho med seg to nederlendarar,
ei på toradar og ein på fela.   
Det var eit flott innslag av desse. 
På Sinjarheim fortalde Kristin om plassen og
det var høve til å få sjå seg om inne i husa der.
 
Dette er litt av det som skjedde undervegs, og med dei tilbakemeldingane
som me har fått, så har dette vore eit vellukka arrangement,
og at det kjem til å bli fleire huldreturar, det trur eg at ein kan rekna med. 
Me hadde huldrer med i frå store delar av fylket.
 
Helsing Bente

Tekst og bilete: Bente