Jubileumsspelet
Kongen og den djuptenkte

2. mai starta feiringa av Vangen kyrkje sitt 800 års jubileum med aktørar frå
småbarnssteget  i skulane i Aurland kommune.
   
 
Her er nokre bilete frå generalprøva 30. april.

”Kongen og den djuptenkte”
-eit jubileums-spel om Vangen kyrkje

             Kva var bakgrunnen for at dei tok til å byggja Vangen kyrkje 2. mai 1202? Teorien som står sterkast lokalt, er at kyrkja vart til etter initiativ frå sjølvaste kong Sverre. Soga fortel at Sverre og birkebeinarane ein gong hamna i eit frykteleg uver i fjellet på veg frå Voss til Aurland. Lokalhistorikar Anders Ohnstad meiner at Sverre, etter å ha overlevd denne stormen, kan ha kome på tanken om å reisa eit kyrkjebygg på Aurlandsvangen. Det høyrer med til historia at Anders i mange år har halde fast ved at mor til Sverre, Gunnhild Sultan, var nettopp frå Aurland.

Med utgangspunkt i historia om Sverre, har dei 60 elevane i 1.-4. klasse ved ABU arbeidd med eit dramaprosjekt. – Dette er jo ei fantastisk historie, sa vi til kvarandre ein dag eg diskuterte med nokre lærarar korleis vi kunne laga eit samarbeidsprosjekt i samband med kyrkjejubileet. Det er Bjarne Aagaard, dagleg leiar ved kyrkjelydskontoret, som seier dette. – Ein av lærarane fortalde at klassen hennar var så glad i å dramatisera, og så tok snøballen til å rulla. Etter kvart sette vi oss som mål at heile småskulen skulle arbeida saman om eit spel som skulle synast fram 2. mai, på dagen 800 år etter at grunnsteinen til kyrkja skal ha vorte lagd. Opplevingsbasert læring, skulle det vera. Med seg på kjøpet skulle elevane få kunnskap om Vangen kyrkje si historie, og kristentrua som i 800 år har vore praktisert i denne kyrkja.

Men historia om Sverre i stormen var ikkje nok til å laga eit heilt spel. – Eg sette meg ned med Anders Ohnstad ein dag, fortel Bjarne. – Det var eit privilegium! Eg noterte for harde livet om Sverre og samtida hans. Og i samtalen dukka det opp ein person til som eg aldri hadde høyrt om: Aud den djuptenkte. Berre namnet overtydde meg om at vi her var på sporet av meir stoff til spelet vårt. Anders fortalde at Aud, som var av Aurlandsætt, kom til Island på 800-talet og vart ei vidgjeten kvinne der. Ho var ei driftig, klok og from dame som hadde vorte kristna i Irland. Ei påminning om at den lokale kyrkjehistoria går fleire hundreår lenger attende enn 1202. Kvifor ikkje la spelet ta til med henne? Og med Aud si irske bakgrunn, kva med å gjera den irske salmen ”Deg å få skode” til gjennomgangsmelodi?

No var ein del av stoffet på plass. Men korleis setja det saman? – Vi valde å søkja profesjonell hjelp for å koma vidare. Tone Stangeland vart kontakta, og då ho fekk historia presentert, var ho ikkje sein med å sjå føre seg dramaturgien. Tone vart med vidare både som manusforfattar, inspirator og instruktør. Og etter kvart var også 60 elevar i full sving, anten som birkebeinarar, kor, gardsfolk på Island hjå Aud den djuptenkte, eller bygdefolk frå Aurland på Sverre si tid. Aud, Gunnhild Sultan, kong Sverre, hans gode ven Jon Stål og eit par TV-reporterar frå vår eiga tid fekk si fulle hyre med å øva inn replikkar. Og 60 elevar hadde ”Deg å få skode” som heimelekse – samtlege fem vers.

                Kva med økonomien i dette? – Honorar til profesjonelle medhjelparar, og oppsettinga med scene og lyd, gjekk langt ut over det som var råd å få til innanfor skulebudsjettet. Men, heldigvis: Etter ei testamentarisk gåve, disponerer Vangen sokneråd eit stort kyrkjefond. Og i staden for å nytta fondet til inventar og vedlikehald, har soknerådet vedteke å nytta det til tiltak retta mot born og unge. – Ein flott måte å ta i bruk fondsrentene på, seier Bjarne. Kyrkja er meir enn ein bygning med inventar. Kyrkja er menneske! Til tider er det viktig å gjera noko med bygningen. Vedlikehald har høg prioritet. Men endå viktigare er det å gjera noko med menneska som soknar til kyrkja. Og eg er ikkje i tvil om at spelet om ”Kongen og den djuptenkte” gjorde noko med alle som tok del i prosessen fram mot framsyninga 2. mai.

            Framsyninga 2. mai vart sett av nær 500 menneske, og vart særs godt motteke. Og etter framføringa var det full semje om at det var dette Aurland har lyst til å syna kongeparet den tida dei har til rådvelde her etter jubileumsgudstenesta 9. juni, og før dei reiser vidare til Årdal. Dei vil få sjå heile stykket, som tek 35 minutt.